Tysk litteratur
Tysk litteratur eller tyskspråkleg litteratur viser til litterære verk skrivne på tysk eller i tyskspråklege område. I tradisjonell litteraturskriving omfattar omgrepet derfor òg litteratur frå både austerrikske og sveitsiske forfattarar, forfattarar frå tidlegare tyskspråklege område i Aust-Europa og dessutan tyske jødiske forfattarar frå ulike stader, i tillegg til litteratur frå Tyskland.
Fram til barokken var det meste av litteraturen i tysktalande område skriven på latin. Fyrst med Martin Luther byrja tysk å vinna innpass som det føretrekte litterære språket. Den tidlege bløminga av tysk litteratur er den mellomhøgtyske perioden i høgmellomalderen. Moderne litteratur skriven på tysk byrja i opplysingstida med forfattarar som Johann Gottfried Herder og nådde den «klassiske» forma si ved hundreårsskiftet til 1700-talet med weimarklassisismen med Christoph Martin Wieland, Johann Wolfgang Goethe, Johann Gottfried Herder og Friedrich Schiller.
Tyske litteraturhistorie følgjer i store trekk dei same periodane som dei litterære tradisjonane i andre europeiske land, men spissformulert reknar ein den tyske litteraturen for gjennomgåande å ha hatt ei djupare, innovervend og større interesse for skuggesida og dei indre konfliktane til mennesket enn det litteraturen har hatt i mange andre land. Omgrep som Sturm und Drang og Weltschmerz stammar derfor ikkje utan grunn frå nettopp den tyske litteraturen. Metafysiske overvegingar har difor spelt ei større rolle hjå tyske forfattarar, og såleis har tysk filosofi med mellom anna Johann Gottfried Herder, Immanuel Kant, Arthur Schopenhauer, Friedrich Nietzsche og Oswald Spengler òg hatt tyding for tysk litteraturforsking.
Tidleg mellomalder (ca. 750–1100)
[endre | endre wikiteksten]Dikting i tidleg mellomalder blei spreidd munnleg, og er derfor nesten fullstendig blitt tapt for ettertida. Nedskriven kunnskap tydde som oftast samtidig omsetjing til latin (til dømes germanske stammerettar). Det som blei skrive ned var hovudsakleg aristokratisk historieoverlevering, med dikt og songar (til dømes om heltar og fyrstar) og lyrisk folkeminne (dans-, kjærleiks- og klagesongar). Nokre av desse blei nokså tilfeldig skrivne ned i kloster. Døme er Merseburger Zaubersprüche og to germanske trylleformular, dei einaste belegga for den heidenske religiøsiteten i dei tyskspråklege områda. Verdifull for germansk heltedikting er òg Hildebrandslied[1] frå rundt 800, som gjev eit innblikk i historiske og åndelege høve under folkevandringstida.[2]
Dei eldste gammalhøgtyske skriftfunna stammar frå 700-talet, og er kyrkjelege. Her finn ein råd om misjonering og rettleiing til latinske tekstar. Det blei danna eit litterært sjølvmedvit på grunnlag av latinsk episk dikting og i den folkespråklege klosterlitteraturen, som til dømes i dei to store bibeleposa frå 800-talet, den gammalsaksiske Heliand, i gammalt stavrim, og i evangelieboka til Otfrid von Weißenburg i nye enderimvers. Rundt år 1000 omsette og kommenterte Notker i St. Gallen filosofiske tekstar tekstar frå antikken til gammalhøgtysk på høgt filologisk nivå. Han kan reknast som den fyrste store tyske prosaisten. Nonna Hrotsvit von Gandersheim dramatiserte soger om helgenar, og kan reknast som den fyrste kvinnelege tyskspråklege forfattaren.[2]
På 1000-talet oppstod framfor alt religiøst doserande og formanande tekstar i tidleghøgtyske rimparvers. Frelseshistorier, til dømes Ezzolied (ca. 1065), legendedikting som Annolied (ca. 1077), gammal- og nytestamentleg bibelepikk (fyrste og andre Mosebok, og dessutan Jesu liv), dogmatiske forklaringar, eskatologisk dikting og dikting om jomfru Maria prega den fyrste fasen av denne geistlege diktinga, som hadde innverknad på adeleg lekmannskristendom.
Høgmellomalderen (ca. 1100–1250)
[endre | endre wikiteksten]Høgmellomalderlitteraturen er prega av riddarideal, med døme som Alexanderlied og Rolandslied. Wolfram von Eschenbach skrev Parzival ca. 1200–1210, Gottfried von Strassburg skreiv Tristan und Isolde ca. 1205–1210, medan dei to store helteeposa Nibelungenlied frå rundt 1200 og Kudrun frå rundt 1230 har ukjende forfattarar. Det blei også skrive minnesongar av mellom anna Walther von der Vogelweide, Heinrich von Morungen og Neidhart von Reuental.[2]
Seinmellomalderen (ca. 1250–1500)
[endre | endre wikiteksten]Ved slutten av mellomalderen viste Johann Gutenberg si oppfinning av boktrykkarkunsten med bevegelege bokstavar seg å ha ein revolusjonerande verknad. Tydinga av denne fornyinga av bokproduksjon overgår kanskje alle impulsar frå Firenze og Roma når det gjeld overgangen til det som blir kalla tidleg nytid. Dessutan kunne endeleg pergamentet erstattast av billeg papir. Ved overgangen til nyare tid står Johannes von Tepl sitt Der Ackermann aus Böhmen.
Tidleg nytid (humanisme, reformasjonen) ca. 1450–1600
[endre | endre wikiteksten]Denne perioden var prega av tre hovudstraumdrag i det tyskspråklege området: humanismen, reformasjonen og ein meir folkeleg tradisjon. Den fyrste var eit utslag av impulsane frå den italienske renessansen. I dei tyskspråklege områda var Erasmus von Rotterdam og Johannes Reuchlin dei fremste representantane. Verka deira var på latin, noko som gjorde dei lite tilgjengelege i samtida ut over ein liten skare lærde. Dei kan kanskje ha vore ei inspirasjonskjelde ved sida av Dante for den langt meir populære Sebastian Brant (1458–1521), som skreiv på tysk. Boka hans Narrenes skip fekk ein enorm suksess etter målestokken i samtida.
Den viktigaste inspirasjonskjelda for tyskspråkleg litteratur og utviklinga av det tyske språket i denne perioden var nok ved sida av utbreiinga av boktrykkarkunsten skriftene til Martin Luther (1483–1546), særleg bibelomsetjinga hans, som då ho kom i 1522 og 1534, markerte eit definitivt brot med dominansen av latin i det religiøse livet. Luther sitt relativt folkelege skriftspråk bidrog sannsynlegvis både til at reformasjonen fekk eit slikt gjennomslag i store delar av det tyskspråklege området, og til at bruken av tysk i litteraturen fekk ein ny status
Ved sida av humanismen og reformasjonen er det tredje, folkelege sporet. Sebastian Brant er allereie nemnd. Vidare er Meistersang, Schwankdiktning og fastelavnsspel viktige. Ein sentral representant for denne tradisjonen er Hans Sachs (1494–1576) frå Nürnberg. Ein annan viktig sjanger frå denne tida var Volksbuch (folkebok). Dei typiske folkebøkene blei gjevne ut anonymt og tok for seg populære tema. Kjente døme er Till Eulenspiegel og Historia om Doktor Johann Faust. Førstnemnde fekk ei utbreiing og popularitet som kan samanliknast med Narrenes skip av Brant og med verka til Hans Sachs. Sistnemnde vart ei inspirasjonskjelde for ei rekkje seinare forfattarar og andre kunstnarar som tok opp dette temaet, mellom anna Marlowe, Goethe og Gounod.
Barokken (ca. 1600–1720)
[endre | endre wikiteksten]Barokken i Tyskland var mindre nyskapande enn i til dømes Italia, Spania, Frankrike og England. Dette kjem nok i stor grad av at dei tyskspråklege områda var økonomisk og åndeleg utarma etter trettiårskrigen (1618–1648), ein krig som fyrst og fremst fann stad på tysk jord. I den seinare barokktida fekk dei tyske statane likevel rike impulsar utanfrå, særleg frå engelsk dramatikk, og ein dyrka eit breitt spekter av litterære retningar og sjangrar.
Opplysingstida (ca. 1720–1785)
[endre | endre wikiteksten]Christian Thomasius blir gjerne rekna som «far til den tyske opplysinga». Allereie i 1687 braut han med tradisjonen og førelas på tysk i staden for på latin. Elles spelte dei kjende filosofane Christian Wolff og Gottfried Wilhelm Leibniz ei sentral rolle i den tidlege opplysingstida. Innan litteraturen spelte Johann Christoph Gottsched (1700–1766) den viktigaste rolla i denne tidlege perioden, ikkje minst gjennom dei literaturteoretiske verka sine.
I det heile var det innan litteraturkritikk og –teori denne perioden først og fremst markerte noko nytt. Ut over dette kan dei fleste forfattarane reknast til barokk, og dei fyrste tiåra av 1700-talet blir ofte kalla seinbarokken. Seinare oppstod straumdrag som framheva kjenslene i fyrste rekke og blir rekna til rokokkotida. Fremst blant desse kan ein nemna Friedrich von Hagedorn og Ewald Christian von Kleist.
Ved sida av Kleist reknar ein gjerne Friedrich Gottlieb Klopstock (1724–1803), Christoph Martin Wieland (1733–1813) og framfor alt Gotthold Ephraim Lessing (1729–1781) som dei viktigaste forfattarane frå opplysingstida. Klopstock blei eit forbilde for generasjonen sin med den episke stilen sin i Messias. Wieland blir gjerne rekna som opphavsmannen til sjangeren danningsroman. Lessing var mellom anna kjend som kritikar og teoretikar, men det verket som er blitt ståande som hans viktigaste, og som mest representativt for det humanistiske idealet til opplysingstida, er Nathan den vise (1779), der Lessing framhevar menneskeverdet sjølvstendig frå religion og nasjonalitet.
Frå Sturm und Drang til weimarklassisismen (ca. 1780–1805)
[endre | endre wikiteksten]«Sturm und Drang» var ei motrørsle mot den teoretiserande og akademiske forma til opplysingstida. I staden for saklegheit og fornuft ville dei unge mennene i denne rørsla legga vekt på kjenslene. I staden for antikken var dei vende mot notida. Dei var mot alle former for tyranni, også meiningstyranni, og dyrka geniet som braut med reglane.
Den unge Goethe oppnådde ein enorm suksess med brevromanen Den unge Werthers lidelser, som sette ulykkeleg kjærleik på dagsordenen. Friedrich Schiller (1759–1805) sitt best kjente verk frå denne perioden er dramaet Røverne, som handlar om opprør mot familieband og politiske autoritetar.
I 1786 reiste Johann Wolfgang von Goethe på ei studiereise til Italia, der han blei verande til 1788. Samtidig kom Friedrich Schiller til Weimar, der han i 1789, på oppmoding frå Goethe, blei tilsett som professor ved universitetet i Jena. Dei kom begge under innverknad av Wieland, som hadde fått tilsetjing i Weimar i 1772. Weimarklassisismen blir gjerne rekna frå Wieland kom til Weimar. Han var sentrert rundt det som gjerne blir omtalt som Weimarer Viergestirn (firarstjerne): – Herder – Goethe – Schiller, men orienterte seg mot humanistiske ideal, tildels under klassisistisk handsaming av antikke tema, alle med bakgrunn i Sturm-und-Drang-rørsle. Nokre innsnevrar omgrepet weimarklassisisme endå meir til å gjelda Goethe og Schiller, og set starten fyrst då dei kom til Weimar. Dei to møttest, men blei ikkje nære venner før i 1794. Åra som følgde var prega av eit svært tett og produktivt samarbeid mellom desse to. Ein reknar weimarklassisismen som slutt etter at Schiller døydde i 1805
Romantikken (ca. 1799–1835)
[endre | endre wikiteksten]Den tyske romantikken blir gjerne delt inn i tidlegromantikk, høgromantikk, seinromantikk og etterromantikk utan at det er mogleg å setja noko skarpt skilje i tid eller mellom dei ulike diktarane eller forfattarane.
Tidlegromantikken er i stor grad knytt til ein krets unge diktarar og forfattarar i Jena. Ein av dei best kjente frå denne kretsen var Novalis (pseudonym for Friedrich von Hardenberg, 1772–1801). Som frendane hans frå Jena var han sterkt påverka av Goethe sine tidlegare verk (Werther, Wilhelm Meister), og blanda gjerne sjangrar, som lyrikk og prosa.
Høgromantikken var i stor grad konsentrert om Heidelberg. Denne fasen var i stor grad prega av nasjonalromantikken og var med på å gje det ideologiske grunnlaget for den følgjande samlinga av Tyskland. Typisk er samlinga av tyske folkeviser (Des Knaben Wunderhorn redigert og omarbeidd av Achim von Arnim og Clemens Brentano) og folkeeventyr (Grimm-brørne sine eventyr, samla og gitt att av Jacob og Wilhelm Grimm). I denne perioden blei òg noko av grunnlaget lagt for Goethe sin status som tysk nasjonalikon, mellom anna ved Bettina von Arnim si utgjeving av Goethe si brevveksling med eit barn.
Det største namnet i seinromantikken var E.T.A. Hoffmann (1776–1822). Han førte eit element av ironi inn i romantikken, som dermed la grunnen for ein moderne poesi. Med Heinrich Heine (1797–1856) blei denne tendensen vidareført, og ironien blei til dels vendt mot romantikken sjølv.
Biedermeier og Vormärz (ca. 1830–1850)
[endre | endre wikiteksten]Dei litterære straumdraga mellom klassisismen og romantikken sin «kunstperiode» på den eine sida og den borgarlege realismen på den andre lèt seg ikkje oppsummera med eit enkelt epokeomgrep. Ein nyttar dei historiske og kunsthistoriske omgrepa Biedermeier og Vormärz.
Forfattarar som blir rekna til Vormärz engasjerte seg politisk og førte til ei blomstring for det politiske diktet. Mange av dei var del av den lause grupperinga Junges Deutschland, slik som Georg Herwegh, Heinrich Laube, Karl Gutzkow og Ferdinand Freiligrath. Nærskylde med dei er òg Heinrich Heine, Ludwig Börne og Georg Büchner.
Den noverande teksten til den tyske nasjonalsongen, «Das Lied der Deutschen», også kalla «Deutschlandlied», oppstod i denne perioden. Han blei skriven av August Heinrich Hoffmann von Fallersleben i 1841. Også denne blei oppfatta politisk i samtida med oppfordringa si til å samla dei tyske statane.[3]
Andre forfattarar blir rekna om ikkje til realismen, så i alle fall til Biedermeier. Fyrst og fremst er lyrikarar som Nikolaus Lenau, Eduard Mörike, Friedrich Rückert og August von Platen. Blant prosaforfattarane kan ein nemna Annette von Droste-Hülshoff, Adalbert Stifter, Jeremias Gotthelf og eventyrdiktaren Wilhelm Hauff.
Dramatikarar som i større eller mindre grad tilhøyrer Biedermeier-epoken er Franz Grillparzer, Johann Nepomuk Nestroy og Ferdinand Raimund. Grillparzer skreiv tragediar i ånda til Weimar-klassisismen, medan Nestroy og Raimund representerte det wienerske folkestykket.
Poetisk realisme (1848–1890)
[endre | endre wikiteksten]I den poetiske eller borgarlege realismen unngjekk forfattarane dei store samfunnsmessige problema, og vende seg mot heimstaden med landskapet og menneska der. I sentrum for alle romanar, drama og dikt står einskildmennesket, individet. Det stilistiske merket i mange av verka innanfor den poetiske realismen er humoren, som skaper distanse til det uuthaldelege og opprørande ved verkelegheita. Han rettar dermed ein tiltale mot enkelte feil og manglar ved samfunnet, men ikkje mot systemet som eit heile.
Den føretrekte uttrykksforma var til å byrja med novella. Døme er Das Amulett av sveitsaren Conrad Ferdinand Meyer og Der Schimmelreiter av Theodor Storm. Blant dramatikarane hugsar ein Friedrich Hebbel. Seinare kom òg romanen i tillegg til novella. Her kan ein til dømes nemna Gustav Freytag og Wilhelm Raabe.
Dei største forfattarane innan den borgarlege realismen er sveitsaren Gottfried Keller, som mellom anna stod i brevkontakt med Theodor Storm, og Theodor Fontane. Keller skreiv danningsromanen Der grüne Heinrich og dessutan novellesamlingane Züricher Novellen og Die Leute von Seldwyla, der ein finn Romeo og Julie i landsbyen. Fontane, som hadde byrja som journalist, skreiv romanar som Frau Jenny Treibel eller Effi Briest. Han utvida emnet sitt stadig vidare frå ein sentral person til samfunnsromanen.
I Austerrike blei landsbylivet skildra av Marie von Ebner-Eschenbach, Ludwig Anzengruber og Peter Rosegger.
Naturalisme (1880–1900)
[endre | endre wikiteksten]Naturalismen var ein ny kunst- og litteraturretning som ville avdekka forholda på alle samfunnsmessige område utan skånsel. Hovudgjenstanden for denne litterære retninga vart alt som enno hadde vore bannlyst for realistane ved midten av hundreåret. Utan omsyn til grensene til den såkalla gode smaken og borgarlege smaksoppfatningar, skulle utsnitt av verkelegheita helst attgjevast så nøyaktig som mogleg. Det var då ei vesentleg stilistisk fornying, at omgangsspråket, sjargongen og dialekten heldt inntog. Den individuelle helten, som fritt kan gjera sine eigne val, stod ikkje lenger i sentrum for forteljinga eller dramaet, derimot mennesket bestemt av eit kollektiv eller av opphav, miljø og tidsomstende.
I motsetnad til i den russiske eller i den franske litteraturen blei det ikkje skrive nokre betydelege naturalistiske romanar på tysk. Arno Holz skreiv saman med Johannes Schlaf lyrikk og kortprosa (Papa Hamlet). Holz er kjent for likninga si «Kunst = natur – x», der x helst bør gå mot null, slik at kunsten altså ikkje bør vera noko anna enn ei avbilding av verkelegheita. Ein meir betydeleg forfattar er Gerhard Hauptmann, som oppnådde internasjonal anerkjenning med drama som Veverne. I ytterkanten av naturalismen finn ein Frank Wedekind. Dramaet hans Vårløsning viser med sin pubertetserotiske tematikk alt mot fin de siècle.
Frå hundreårsskiftet til 1933
[endre | endre wikiteksten]Med naturalismen og symbolismen byrja det som ein ofte kallar som det klassisk moderne. Tida var prega av ein stilpluralisme og forskjellige strøymingar som eksisterte ved sida av kvarandre. Sjølv om ein kan sjå denne perioden under eitt, kan ein nok også til ei viss grad setja eit skilje ved sjokket som følgde det tyske nederlaget etter den fyrste verdskrigen. Den tyske filosofen Oswald Spengler sitt verk Der Untergang des Abendlandes, som føresåg heile forfallet til den vestlege kulturen, fekk på denne bakgrunnen stor tyding for alle dei ulike litterære retningane. Innverknaden hans peikar direkte inn i den følgjande nasjonalsosialistiske perioden i Tyskland.
Uavhengig av dette tidsskiljet, som viser til innhald meir enn form, lèt dei fleste forfattarane seg innordna i minst éin av dei følgjande stilretningane.
Symbolisme
[endre | endre wikiteksten]I det klassisk moderne fekk omgrepet «avantgarde» ei spesiell viktig tyding. Denne epoken tok til ved slutten av 1800-talet med den franske symbolismen, med diktarar som Stéphane Mallarmé, Charles Baudelaire og Arthur Rimbaud. Dei viktigaste representantane for den tyske symbolismen er Stefan George, Hugo von Hofmannsthal og Rainer Maria Rilke. Programmet til symbolismen er noko heilt anna ein det til den omtrent samtidige naturalismen, som alt er skildra. Den symbolistiske lyrikken er elitistisk og legg stor vekt på venleik og form. Ei nærskyld kunstretning er jugendstilen, medan epoken blir kalla fin de siècle.
Dei tyske litteratursentera var Berlin og Wien; derfor bruker ein ofte nemningane Berliner Moderne og Wiener Moderne. Dette fekk likevel ein brå slutt ved utbrotet av den fyrste verdskrigen.
Moderne epikk
[endre | endre wikiteksten]Parallelt med desse straumdraga som var retta mot tradisjonen oppstod prosaverk som greip tilbake til og vidareutvikla gamle former. Her kan ein nemna Rainer Maria Rilke med romanen Malte Laurids Brigges opptegnelser (1910), Heinrich Mann, Thomas Mann, Hermann Broch, Robert Musil, Franz Kafka og Hermann Hesse.
Heimatkunst
[endre | endre wikiteksten]Heimatkunst (på norsk ofte kalla «heimstadsdikting») var eit litterært straumdrag i det tyskspråklege området frå kring 1890 til 1910. Han oppstod i umiddelbar nærleik til naturalismen. Hovudtalsmannen for denne nye rørsla blei forfattaren og litteraturhistorikaren Adolf Bartels, som i ein artikkel i tidsskriftet Der Kunstwart frå 1898 fyrste gang nytta omgrepet Heimatkunst. Saman med Friedrich Lienhard spreidde han synet sitt i det kortliva berlinartidsskriftet Heimat.
Den nye retninga skulle venda seg bort frå storbytemaa og mot heimstaden og det folkelege. Med det vidfemnande omgrepet Heimat («heimstad») meinte ein ikkje berre livet på landet, men også i byen, sidan også ein by kan vera ein heimstad. Til liks med naturalismen skulle han ikkje berre visa kjærleiken sin til, men også rette kritikk mot heimstaden, sjølv om dette gjennomgåande ikkje lykkast. Med ei konservativ, antimodernistisk grunnhaldning var denne retninga ein forløpar for den nasjonalsosialistiske Blut und Boden-diktinga.
Ekspresjonisme (ca. 1910–1920) og avantgarde
[endre | endre wikiteksten]Ekspresjonismen er rekna som det siste store litterære straumdraget frå Tyskland. Som symbolismen var dette eit avantgardistisk straumdrag. Jakob von Hoddis sitt dikt «Weltende» frå 1911 blir rekna antenningsgnisten for den ekspresjonistiske lyrikken. Gottfried Benn, som nett hadde avslutta legestudiane sine, vekte merksemd med den vesle samlinga Morgue, med dikt i prosavers om emne ein aldri før hadde bringa på bane (som likhus, fødslar og prostitusjon).
Andre ekspresjonistiske forfattarar var Alfred Döblin, Albert Ehrenstein, Carl Einstein, Salomo Friedlaender, Walter Hasenclever, Georg Heym, Heinrich Eduard Jacob, Ludwig Rubiner, Else Lasker-Schüler, August Stramm, Ernst Toller, Georg Trakl og Alfred Wolfenstein.
Neue Sachlichkeit (Ny saklegdom)
[endre | endre wikiteksten]Etter ekspresjonismen kom det inn ei meir nøktern-realistisk haldning, kjend som Neue Sachlichkeit (ny saklegheit). Innan dramatikken kan ein nemna Ödön von Horvath, Bertolt Brecht og regissøren Erwin Piscator, innanfor epikken mellom anna Erich Kästner, Anna Seghers, Erich Maria Remarque og Arnold Zweig, og dessutan Marieluise Fleißer, Irmgard Keun og Gabriele Tergit.
Nasjonalsosialisme og eksillitteratur
[endre | endre wikiteksten]30. januar 1933 tok nasjonalsosialistane med den austerriksk-fødde Adolf Hitler makta i Tyskland. Same året blei det halde offentlege bokbål. Uavhengig litteratur og litteraturkritikk var ikkje lenger mogleg. For republikken Austerrike skjedde dette fyrst med Anschluss i 1938, då det blei halde bokbrenningar her òg. Regimet kravde Blut und Boden-dikting, elles fanst berre underhaldningslitteratur meir eller mindre fri for ideologi. Kjente regimekritikarar kunne venta døden om dei ikkje gjekk i eksil; ein slik skjebne fann Jakob van Hoddis og Carl von Ossietzky. Nokre forfattarar blei verande i landet, sjølv om dei stod i opposisjon til nasjonalsosialismen; dei blir rekna til den såkalla «indre emigrasjonen». Dei var nøydde til å teia, og skreiv for skrivebordsskuffa eller om upolitiske emne, derfor er det ofte vanskeleg å trekka linja mellom dei og dei upolitiske forfattarane. Kjente namn blant dei som blei verande er Gottfried Benn, Ernst Jünger, Erich Kästner, Gerhart Hauptmann, Hermito von Doderer og Wolfgang Koeppen.
1500 kjende forfattarar gjekk i eksil, og fleire tok livet av seg (som Stefan Zweig og Kurt Tucholsky). Det oppstod senter for den tyske eksillitteraturen i fleire land, også i den tyskspråklege delen av Sveits, som var viktig særleg for teaterforfattarane. På grunn av det store talet forfattarar kan ein knapt tala om ein tematisk eller stilistisk einskapleg eksillitteratur. Blant forfattarane som blei verande produktive også i eksil kan ein nemna Thomas og Heinrich Mann, Bertolt Brecht, Anna Seghers, Franz Werfel og Hermann Broch. Andre, som Alfred Döblin, Heinrich Eduard Jacob eller Joseph Roth, fann seg berre med møye eller slett ikkje til rette. Etter krigen blei nokre av dei verande i utlandet, medan andre vende tilbake til heimlandet. Etter at Elias Canetti hadde utvandra frå Wien til London som følgje av Anschluss, fekk han Nobelprisen i litteratur som britisk statsborgar.
Etterkrigstid 1945-1989
[endre | endre wikiteksten]Etter slutten av andre verdskrigen kan ein snakka om eit litterært nullpunkt. Litteraturen kjend som Trümmerliteratur («ruinlitteratur») tok for seg ei verd som hadde brote saman, men snart besinna ein seg for å ta igjen den forsømde utviklinga i verdslitteraturen. Den såkalla Wiener Gruppe praktiserte innovative lyrikkformer, og i Vest-Tyskland oppstod Gruppe 47, med laust samanknytte medlemmer som var tonegjevande i etterkrigslitteraturen.
Ved opprettinga av nye tyske statar oppstod det forskjellige vilkår for litteraturen. I det følgjande blir litteraturen i Vest-Tyskland, Aust-Tyskland, Austerrike og Sveits omtalte kvar for seg, men forskjellane bør ikkje overvurderast, for det dreidde seg framleis om eit felles språk og, med unntak av Aust-Tyskland, om ein felles marknad. Etter at Muren fall og Tyskland blei sameint igjen i 1989 har dette skiljet opphøyrt.
Vest-Tyskland
[endre | endre wikiteksten]Like etter 1945 skildra ein grua frå krigens og tilhøva til dei heimvendte. Novella blei gjenoppdaga, til dømes gjennom Heinrich Böll. Etter at det tyske Wirtschaftswunder hadde sett inn, konsentrerte ein seg om samtida, som i romanane til Wolfgang Koeppen, Siegfried Lenz, Christine Brückner og Martin Walser. Günter Grass skreiv Blikktrommen, ein pikareskroman som tok for nyare tysk historie som blei internasjonalt berømt. I 1999 fekk Grass Nobelprisen i litteratur. Ein viktig lyrikar var Günter Erich, som også skreiv høyrespel, ein særs populær sjanger på den tida. Konkret poesi blei skriven av mellom anna Helmut Heißenbüttel.
Blant forfattarar som vanskeleg kan innordnast ei bestemd retning finn ein Uwe Johnson, Ror Wolf, som var prega av den såkalla nouveau roman, og Arno Schmidt, som likte å eksperimentera. Wolfgang Hildesheimer skreiv absurde drama i ei tid då teaterlandskapet enno var prega av Bertolt Brecht.
Med Vietnamkrigen og sekstiåttarane slo ein inn på det politiske diktet (Hans Magnus Enzensberger, Erich Fried) og det politiske dramaet (Peter Weiss, Rolf Hochhuth). Ein motsett tendens var den såkalla Neue Subjektivität («ny subjektivitet»), som tok for seg private tema (mellom anna Jürgen Theobaldy). Ein framståande pop- og undergrunnslyrikar frå 1960- og 1970-talet var Rolf Dieter Brinkmann.
På 1980-talet tredde Botho Strauß (drama), Ulla Hahn og seinare Durs Grünbein (lyrikk) fram.
Aust-Tyskland
[endre | endre wikiteksten]«Austtysk litteratur» omfattar både litteratur frå DDR og frå tida som sovjetisk okkupasjonssone 1945–1949. Litteraturen i 45–49 er sterkt prega av sosialistisk realisme og kontrollert av den kommunistiske styresmakta. Litteraturen frå det seinare DDR vart i årevis etterpå avvist som «Gut møter Traktor-litteratur», men han er likevel ein av dei mest pålitelege kjeldene til forståing av det tidlege DDR.[4] Georg Lukács hadde sterk innverknad på den austtyske litteraturen. Teoriane hans fungerte som ei bru mellom den nødvendige uavhengige kreativiteten til forfattaren og teorien om sosialistisk realisme som var dominerande i Sovjetunionen. Dette bana veg for ein austtysk litteratur som var meir uavhengig og original enn i Sovjetunionen.[5]
I Vest-Tyskland blei 1945 generelt sett på som «År Null», ein frase som var meint å definera ei ny byrjing etter dei grufulle hendingane under nazismen, men som også kunne antyda at det var best å gløyma det som hadde skjedd. I motsetnad til dette meinte regimet i den sovjetiske okkupasjonssona og DDR at kulturen deira sprang ut av ein kommunistisk antifascistisk tradisjon, samtidig som han hadde aner hjå den liberale humanistiske kulturelle arven frå 1700- og 1800-talet. Dette førte til ein kombinasjon av eldre borgarleg litterær og samtidig marxistisk litterær innverknad.
Litteraturen i perioden 1945–1949 var fyrst og fremst antifascistisk, og blei fyrst skriven av flyktningar frå det nazistiske Tyskland. Den typiske biografien for ein slik forfattar bestod av ei aktiv interesse i forsvar av Weimarrepublikken og demokratisk makt mot statleg autoritet, følgd av eksil under nazismen og deretter returnering til den sovjetiske okkupasjonssona for å støtta opp under utviklinga av ei antifascistisk-demokratisk reform gjennom litteraturen sin.[4]
Mellom 1949 og 1961
[endre | endre wikiteksten]Litteraturen og andre kunstformer blei ein offisiell del av planlegginga til styresmaktene. Kultur og kunst skulle reflektera ideala og verdiane av sosialismen og fungera som middel i utdanninga av massane (sosialistisk realisme). Det blei sett opp særskilde avdelingar i statsapparatet, som Amts für Literatur und Verlagswesen (Kontor for litteratur og forlag) og Staatlichen Kommission für Kunstangelegenheiten (Statleg kunstkommisjon). Litteraturen på 1950-talet tok for seg emne som industrietablering og mønsterarbeidarar, og blei kalla Aufbau (oppbygning, konstruksjon).
Etter Berlinmuren
[endre | endre wikiteksten]Etter at Berlinmuren blei reist i 1961 herska det i åra fram til 1965 ein liberal kultur- og ungdomspolitikk. SED-leiinga lova ungdommen i sitt Jugendkommunique i 1963 meir sjølvstende og medråderett. På same tid kunne kritiske musikarar og intellektuelle igjen opptre offentleg, som Wolf Biermann, som etter lang tid i stille igjen fekk gje konsertar. Same haldning fann ein på det litterære feltet. Bitterfelder-konferansen i 1959 (som var meint å styrka DDR-litteraturen og gjera han til ein nasjonal litteratur), saman med det at DDR var heilt stengd etter bygginga av Berlinmuren, gav grunnlag for ei ny vending i litteraturen. Brigitte Reimanns Ankunft im Alltag frå 1961 og Christa Wolf sitt Der geteilte Himmel er typiske døme. I desse verka finn ein unge intellektuelle som er mest opptekne av å bevara og forsvara seg sjølv. Samstundes finst det ein aukande tendens til å ha kvinnelege hovudfigurar.
1965 til 1971
[endre | endre wikiteksten]Frå 1965 blei det igjen innført restriksjonar i kulturpolitikken. Regimekritikaren Robert Havemann var blitt stengd ute frå partileiinga til universiteta i 1963, og blei i 1964 ekskludert frå partiet. Erich Honecker, den dåverande sekretæren for det nasjonale forsvarsrådet, kravde på det 11. plenumet i sentralkomiteen til SED i november 1965 at «lerretet skulle gjerast reint» og åtvara mot skadelege tendensar, skeptisisme og umoral. Litteraturen som hadde blomstra opp i fyrste halvdelen av 1960-talet fekk eit skot for baugen.
Honecker kjem til makta
[endre | endre wikiteksten]Då Walter Ulbricht gjekk av i 1971 og blei fortrengd av Erich Honecker, var ei viktig hending for DDR-litteraturen. Ein snakkar i denne samanhengen om den andre generasjonen. Honecker la fram eit liberaliseringsprogram for heile kunst- og litteraturområdet. I byrjinga fekk DDR-forfattarane meir fridom så lenge sosialismen i landet låg som ein basis i det dei skreiv. Viktig i denne samanhengen er den «subjektive autentisiteten», som vart sterkt prega av Christa Wolf (til dømes i hennar Nachdenken über Christa T, 1968). I Wolf sitt subjektive autentisitetskonsept står ikkje lenger sosialismen i forgrunnen, men problema til individet i eit sosialistisk samfunn.
Liberaliseringsprogrammet fekk ein plutseleg slutt i 1976 med utvisinga av Wolf Biermann og fråtaking av borgarskapet og emigrasjonen til rundt 100 austtyske forfattarar, mellom dei Sarah Kirsch, Günter Kunert og Reiner Kunze som slo seg ned i Vest-Tyskland.
1980-talet
[endre | endre wikiteksten]Eit viktig omgrep i DDR-litteraturen på 1980-talet var Prenzlauer-Berg-Forbindelsen. Dette området i Berlin var ein tilhaldsstad for unge folk og den kunstnariske undergrunnen deira. Dei uttrykte seg sjølv gjennom punk, ulovleg performance, multimediaeksperiment og publisering av uoffisielle magasin og litteratur. Prenzlauer Berg trekte òg til seg dei som var offisielt utestengde frå den austtyske kulturen. Mange kjennarar ser på litteraturen frå denne perioden som den beste i heile eksistensen til DDR.[6]
I 1990 blei DDR og Vest-Tyskland gjenforeinte. Dette plasserte dei austtyske forfattarane i ein uvanleg kontekst. Verda dei hadde skrive i var borte. På same tid blei denne verda òg sett på som irrelevant for framtida til det nye sameinte Tyskland.
Austerrike
[endre | endre wikiteksten]Austerrike har ein rik litterær tradisjon der dei best kjente namna kjem frå 1800- og fyrste halvdel av 1900-talet. Blant desse kan ein nemna Hugo von Hofmannsthal, Bertha von Suttner, Stefan Zweig, Franz Kafka, Rainer Maria Rilke, Joseph Roth og Robert Musil. Fleire av desse stamma frå andre land enn det noverande Austerrike, men sidan dei skreiv på tysk og meir eller mindre var knytte til Wien eller Praha (den nest største tysk-språklege byen i Austerrike før 1918), er det vanleg å rekna dei til den austerrikske litteraturtradisjonen. Dette tidsrommet er behandla ovanfor.
Samanlikna med Vest-Tyskland hadde ikkje Austerrike noko systematisk og omfattande oppgjer med nazitida, sjølv om dette var tema for fleire av dei yngre forfattarane. Paul Celan med den jødiske bakgrunnen sin var ein av desse. Han var sterkt påverka av symbolismen og kan på mange måtar reknast som ein arvtakar for Rainer Maria Rilke.
Elias Canetti (1989) og Elfriede Jelinek (2004) blir rekna som austerrikske vinnarar av Nobelprisen i litteratur i etterkrigstida, sjølv om Canetti førte eit så omflakkande liv at tilknytinga hans til Austerrike er noko tvilsam.
Sveits
[endre | endre wikiteksten]Som nøytral stat var Sveits ei frihamn for tyske og seinare òg austerrikske forfattarar og kulturpersonlegdommar som flykta frå det nasjonalsosialistiske regimet under Hitler. Thomas Mann og Hermann Hesse er kanskje dei to mest kjente tyske forfattarane som emigrerte til Sveits på 1930-talet for å slå seg til meir eller mindre permanent. Elles var to av dei viktigaste sveitsiske forfattarane på 1900-talet Max Frisch og Friedrich Dürrenmatt, begge med ein produktiv karriere både innan prosa og dramatikk.
Romania
[endre | endre wikiteksten]Etter den fyrste verdskrigen kom område med ein betydeleg tyskspråkleg folkesetnad under rumensk styre – dette gjaldt særleg Transilvania (på tysk Siebenbürgen) og Banat. Dei fleste tyskspråklege emigrerte etterkvart frå Romania. Utvandringa byrja for alvor etter maktovertakinga til kommunistane i 1945, men særleg i Banat har det vore og er framleis eit levande tyskspråkleg litterært miljø. I 1972 oppstod ei undergrunnsrørsle knytt til ein tysk litterær krins, «Aktionsgruppe Banat», som var inspirert av sekstiåttarrørsla. Denne blei avslørt av tryggingspolitiet allereie i 1975, og medlemmene blei fengsla.
Dagens mest lesne rumensk-tyske forfattaren er Eginald Schlattner, som framleis bur i Romania. Nobelprisvinnaren frå 2009 Herta Müller er derimot busett i Tyskland. Müller fekk Nobelprisen i litteratur i 2009. Ho har skildra livet til den tyske minoriteten i Romania under kommunismen.
2000-talet
[endre | endre wikiteksten]Mykje av samtidig tyskspråkleg poesi blir gjeven ut i litterære tidsskrift. DAS GEDICHT har til dømes gjeve ut dikt frå tyske, austerrikske, sveitsiske og luxemburgiske forfattarar dei siste tjue åra. Nokre diktarar frå nyare tid er Jürgen Becker, Marcel Beyer, Theo Breuer, Rolf Dieter Brinkmann, Marc Engelhard, Hans Magnus Enzensberger, Aldona Gustas, Ernst Jandl, Thomas Kling, Uwe Kolbe, Friederike Mayröcker, Durs Grünbein, Kurt Marti, Karl Krolow og Elke Erb.
Nokre samtidige romanforfattarar er Wilhelm Genazino, Günter Grass, Herta Müller, Siegfried Lenz, Charlotte Link, Rainald Goetz, Anna Kaleri, Norbert Scheuer, Dietmar Dath, Christian Kracht, Kathrin Schmidt, Burkhard Spinnen, Robert Menasse, Martin Walser, Andreas Mand,[7] Zsuzsa Bánk, Marc Degens, Jenny Erpenbeck, Klaus Modick, Peter Handke, Elfriede Jelinek og Daniel Kehlmann. Såkalla migrantlitteratur er blitt skriven av Wladimir Kaminer, Feridun Zaimoglu og Rafik Schami.[8] Paul-Henri Campbell og Walter Abish har skrive tysk-amerikansk litteratur.
Forfattarar som kan nemnast innan science fiction og fantasy er Andreas Eschbach, Frank Schätzing, Wolfgang Hohlbein, Bernhard Hennen og Walter Moers. Innan krimlitteratur kan ein nemna Friedrich Ani, Wolf Haas, Peter Schmidt, Heinrich Steinfest og Andrea Maria Schenkel. Dörte Hansen har fornya heimstaddiktinga,[9] det same har Juli Zeh med element frå denne og andre sjangrar til å utforska politiske spørsmål.[10] Rebecca Gablé har gjort seg merka med historiske romanar.[11]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hellmut Rosenfeld: Deutsche Vierteljahresschrift für Literatur und Geistewissenschaft, Nr. 26 S. 428f. "Gefolgschaftsältester"
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Wessel, Elsbeth; Vestli, Elin Nesje (9. august 2021). «Tysklands litteratur». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ Ingrid Heinrich-Jost: August Heinrich von Fallersleben – Preußische Köpfe – Literatur, Stapp Verlag Wolfgang Stapp, Berlin 1982, S. 85.
- ↑ 4,0 4,1 Tate, Dennis. The East German Novel. Bath: Bath University Press, 1984.
- ↑ Tate, Dennis. The East German Novel. Bath: Bath University Press, 1984.1-10.
- ↑ Leeder, Karen. Breaking Boundaries: A New Generation of Poets in the GDR. Oxford: Clarendon Press, 1996. 7-9.
- ↑ Twenty-Third Annual Bibliography, Arkivert 15. april 2012 ved Wayback Machine. Max Kade Center for Contemporary German Literature ved Washington University, i St. Louis i Missouri, henta 13. desember 2011
- ↑ Cuadra, P. V. (2010). «Las traducciones al español de literatura intercultural alemana». Revista de Filología Alemana: 301–309.
- ↑ Gabriele Maier: Beyond Brooks, Hills, and Dales. Dörte Hansen’s Reconceptualization of Heimat in Mittagsstunde (2018), S. 71.
- ↑ Vestli, Elin Nesje (21. april 2023). «Juli Zeh». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ «Rebecca Gablé». Bestseller-Autoren .... Die Autorin im Portrait. Orell Füssli Thalia AG (Der Orell-Füssli-Newsletter), Zürich (Der Orell-Füssli-Newsletter). Henta 2. januar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Tysk litteratur» frå Wikipedia på bokmål, den 6. september 2022.
- Delar av denne artikkelen bygger på «German literature» frå Wikipedia på engelsk, den 10. desember 2022.