The Smashing Pumpkins
The Smashing Pumpkins | |||
| |||
Opphav | Chicago, Illinois, USA | ||
---|---|---|---|
Periode | 1988–2000, 2005–i dag | ||
Aktiv | 1988, 2006–2000 | ||
Sjanger | Alternativ rock | ||
Plateselskap | Caroline, Virgin, Hut, Constantinople, Martha's Music, Rocket Science | ||
Medlemmer | Mike Byrne Billy Corgan Nicole Fiorentino Jeff Schroeder | ||
Tidlegare medlemmer | Jimmy Chamberlin (inntil 2009) James Iha (inntil 2000) Melissa Auf der Maur (1999-2000) D'arcy Wretzky (inntil 1999) | ||
Prisar | Grammy Award for Best Hard Rock Performance, MTV Video Music Award for Video of the Year, MTV Video Music Award for Best Visual Effects |
The Smashing Pumpkins er ei amerikansk rockegruppe frå Chicago i Illinois. Ho blei danna i 1988 av Billy Corgan (vokal, gitar) og James Iha (gitar), medan D'arcy Wretzky (bass) og Jimmy Chamberlin (trommer) blei medlemmer av bandet seinare same året.
Saman med Nirvana og Pearl Jam var Smashing Pumpkins blant dei største alternative rockegruppene på 1990-talet. Leia av Billy Corgan i rollene som låtskrivar, vokalist, gitarist, pianist og produsent skapte Smashing Pumpkins ei særeiga blanding av arenarock, progressiv rock, grunge, hard rock og seinare elektronisk rock. Med Corgan sin karakteristiske vokal skilte stilen dei frå andre grupper i same periode. Siamese Dream og dobbeltalbumet Mellon Collie and the Infinite Sadness er rekna som to av dei viktigaste rockealbuma frå 1990-talet. Begge albuma blei rangert blant dei 10 beste platene frå 1990-talet av Rolling Stone-lesarar.[1]
Interne strid, narkotikamisbruk og synkande platesal førte til at gruppa gav seg i 2000. Billy Corgan og Jimmy Chamberlin gjendanna gruppa i 2006. Dei novarande medlemmene er Billy Corgan (vokal, gitar), Jeff Schroeder (gitar), Nicole Fiorentino (bass) og Mike Byrne (trommer). Gruppa har selt over 18,75 millionar album berre i USA, og over 30 millionar album totalt.[2]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Gish, Siamese Dream og Pisces Iscariot blei 2012 relanserte i remastera deluxe-utgåver. Mellon Collie and the Infinite Sadness og Adore blei relansert på same måte i 2012/13. Machina - The Machines of God og Machina II/The Friends and Enemies of Modern Music blei kombinert til eit dobbeltalbum i 2013, slik intensjonen opphavleg var.[3]
Studioalbum
[endre | endre wikiteksten]Titel | Listeplassering | |
---|---|---|
1991 | Gish | US #195 |
1993 | Siamese Dream | US #10, UK #4 |
1995 | Mellon Collie and the Infinite Sadness | US #1, UK #4 |
1998 | Adore | US #2, UK #5 |
2000 | MACHINA/the Machines of God | US #3, UK #7 |
2000 | MACHINA II/the Friends and Enemies of Modern Music | gratis på internett |
2007 | Zeitgeist | US #2, UK #4 |
2009-nå | Teargarden by Kaleidyscope | gratis på internett |
2012 | Oceania | US #4, UK #19 |
2014 | Monuments To An Elegy | |
2015-2016 | Day For Night | |
2018 | Shiny and Oh So Bright, Vol. 1 / LP: No Past. No Future. No Sun. | |
2020 | Cyr | |
2023 | Atum: A Rock Opera in Three Acts |
Bandmedlemmer
[endre | endre wikiteksten]Periode | Bandmedlemmer | Album |
---|---|---|
(1988 - 1996) |
|
|
(1996 - 1998) |
|
|
(1998 - 1999) |
|
|
(1999 - 2000) |
|
|
(2000 - 2006) |
Oppløsning | |
(2006 - 2009) |
|
|
(2009 - 2012) |
|
|
(2012 - 2014) | Billy Corgan - vokal, gitar
Jeff Schroeder - gitar Tommy Lee - trommer Nicole Fiorentino - bass |
|
2014- | Billy Corgan - vokal,gitar
Jeff Schroeder - gitar Mark Stoemer - bass Brad Wilk - trommer |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Readers top 10 albums of the Nineties
- ↑ Smashing Pumpkins viser fram cover for Oceania, arkivert frå originalen 28. august 2018, henta 12. november 2018
- ↑ Smashing Pumpkins announce reissues
- Denne artikkelen bygger på «The Smashing Pumpkins» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2018.