Tanzanitt
Utsjånad
Tanzanitt | |||
Tanzanitt, råstein og slipt stein. | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sorosilikat | ||
Kjemisk formel | (Ca2Al3(SiO4)(Si2O7)O(OH)) | ||
Strunz-klassifisering | 09.BG.10 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | lilla til blå | ||
Krystallform | krystallar flatpressa i nålform, kan vere trådaktig boga | ||
Krystallsystem | Ortorombisk | ||
Kløyv | perfekt {010} uperfekt {100} | ||
Brot | Ujamn til muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 6.5 | ||
Glans | glasaktig, perleaktig på kløyvflater | ||
Strekfarge | Kvit eller fargelaus | ||
Spesifikk vekt | 3,10–3,38 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa positiv | ||
Brytingsindeks | 1.69–1.70 | ||
Dobbeltbryting | 0.006–0.018 | ||
Pleokroisme | Finst, dikroisme eller trikroisme avhengig av farge. |
Tanzanitt er ein edelstein, ein blåfarga, klår varietet av mineralet zoisitt. Fargen kan intensiverast ved varmebehandling.
Tanzanitt blei oppdaga i 1967 i Det vart oppdaga i Mereraniåsane i regionen Manyara nord i Tanzania i 1967, nær byen Arusha og Kilimanjaro. Gruvedrifta blei starta med ein gong, men berre små gruver drivne av lokale hender. Det er ikkje vanleg at ein finn store mengder av tanzanitt; for det meste kjem det ut berre små steinar. Dei gongene det er mogleg å ta ut større steinar, blir dei ofte kjøpt av samlarar, og prisane kan då bli svært høge.
Per 2007 har ein ikkje funne tanzanitt nokon anna stad i verda enn i Tanzania.
-
Tanzanitt-krystall
-
Tanzanitt-edelstein
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Tanzanitt» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juli 2012.
- Tanzanitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/tanzanitt.