Tallét
Ein tallét, (hebraisk טלֵּית ṭallēt (klassisk) el. טַלִּית ṭallīt (israelsk), fleirtal talletót) er eit jødisk bønnesjal med ein spesiell dusk, sisít, i kvart av dei fire hjørna.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Kven brukar tallét?
[endre | endre wikiteksten]Skikken for kven som brukar tallét varierer noko:
Gifte jødiske menn
[endre | endre wikiteksten]Alle sefardiske og askenasiske autoritetar reknar talléten som obligatorisk for alle gifte jødiske menn.
Ugifte jødiske menn og gutar over 13 år
[endre | endre wikiteksten]I sefardisk jødedom blir talléten rekna som obligatorisk for alle jødiske gutar over 13 år. Frå 1900-talet av er dette vorte vanleg i mange moderne askenasiske meinigheiter òg.
Jødiske gutar under 13 år
[endre | endre wikiteksten]I sefardisk jødedom er skikken at alle jødiske gutar som er gamle nok til å handsame talléten med respekt har på seg ein tallét i synagogen. I praksis skjer dette frå om lag fem- til sjuårsalderen.
Jødiske kvinner og jenter over 12 år
[endre | endre wikiteksten]Det finst fem hovudsyn på bruk av tallét for kvinner og jenter:
- Obligatorisk: Karaittisk jødedom.
- Ikkje obligatorisk, men sterkt tilrådd: Risjón leSión Yisrael Ya‘aqob Alghazi.
- Ikkje obligatorisk, men fullt ut tillate, og kvinner seier den spesielle signinga: Rabbénu Tam, Rasjba.
- Tillate, men kvinner seier ikkje den spesielle signinga: Rashi, Maimonides.
- Forbode for kvinner: Utbreidd syn i nyare askenasisk-ortodokse krinsar.
Ikkje-jødiske kvinner og menn
[endre | endre wikiteksten]Rabbanittisk jødedom fråråder i utgangspunktet bruk av tallét for ikkje-jødar.
Kva tid brukar ein tallét?
[endre | endre wikiteksten]Talléten blir bruka under bønn, hovudsakleg om morgonen og i nokon grad om ettermiddagen. Ein brukar stort sett ikkje tallét når sola ikkje er oppe, men det finst unntak — sjå nedanfor.
Talléten blir bruka av meinigheita under alle morgongudstenester, og dessutan under ettermiddagsgudstenester av dei som er tildelt ein spesiell misvá — som til dømes alijá. I ein del synagogar brukar alle tallét under ettermiddagsgudstenesta på sjabbát. På jom kippúr brukar meinigheita talletót under alle gudstenestene, inkludert kveldsgudstenesta. Nokre få grupper — først og fremst jemenittiske jødar — har på seg tallét under gudstenesta på fredag kveld.
Skikken varierer for den som leier gudstenesta: I nokre meinigheiter følgjer leiaren den same skikken som meinigheita, og i andre meinigheiter er det skikk at leiaren alltid har på seg tallét.
Ordet tallét
[endre | endre wikiteksten]Opphav
[endre | endre wikiteksten]Ordet tallét er truleg eit lån frå gresk στολη. (stolē, jrf. latinsk stola), men har òg vorte sett i samband med den arameiske rota טלל (ṬLL).
Skrivemåtar
[endre | endre wikiteksten]- tallét, pl. talletót (klassisk form, i vår tid særleg bruka i samband med sefardim)
- talles el. tallis, pl. talleisim (jiddisch form, særleg bruka i samband med askenasar)
- telíth, pl. telithóth (jemenittisk hebraisk form)
- tallit, pl. tallijót el. tallitót (moderne israelsk hebraisk form)