Tabuk
Tabuk | |||
Tabouk, تبوك | |||
by | |||
Tabuk handelskammer
| |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Region | provinsen Tabuk | ||
Høgd | 760 moh. | ||
Koordinatar | 28°23′50″N 36°34′44″E / 28.39722°N 36.57889°E | ||
Folketal | 534 893 (2010) | ||
Tidssone | AST (UTC+3) | ||
Tabuk 28°23′50″N 36°34′44″E / 28.397222222222°N 36.578888888889°E | |||
Kart som viser Tabuk.
| |||
Wikimedia Commons: Tabuk |
Tabuk (arabisk تبوك, Tabūk), òg skrive Tabouk, er det adminsitrative senteret i Tabuk-regionen nordvest i Saudi-Arabia. Han har eit folketal på 534 893 (2010).
Tabuk ligg nær grensa til Jordan. Han husar den største flybasen i Saudi-Arabia.[1]
Geografi og klima
[endre | endre wikiteksten]Tabuk har eit ørkenklima med varme somrar og milde vintrar. Temperaturen om sommaren varierer mellom 26 og 46 °C, medan han om vinteren kan ligge mellom −4 og 18°C. Snø er ganske vanleg og kan nå −6 °C. Det regnar i Tabuk-område frå november til mars med nedbørsmengder som varierer frå 50 til 150 mm.
Vêrdata for Tabuk | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 18,1 | 20,6 | 24,6 | 30,3 | 34,4 | 37,7 | 38,9 | 39,1 | 36,9 | 32,1 | 25,1 | 19,7 | 29,8 |
Gjennomsnittleg min °C | 4,2 | 5,9 | 9,5 | 14,4 | 18,6 | 21,6 | 23,5 | 23,6 | 20,9 | 16,4 | 10,5 | 5,6 | 14,6 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 5,6 | 1,3 | 3,4 | 2,7 | 2,4 | 0,3 | 0 | 0,7 | 0,1 | 5 | 3,7 | 4,4 | 29,6 |
Kjelde: «World Meteorological Organization».[2] |
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ptolemaios nemnte ein stad kalla Tabawa som låg nordvest i Arabia. Dette kan vere Tabuka.
Tabouk vart kjend etter islam nådde området i år 630 evt. for tilknytinga til eit slag som Muhammed utkjempa her. Sidan den gong har han vore ein inngangsport til Nord-Arabia. Han vart vitja av mange vestlege reisande som Doughty i 1877 og Huber i 1884.
Tabuk-regionen har mange funn frå antikken med hellereitingar, inskripsjonar, fort, palass, murar og ruinane av Hejazbanen.
-
Prins Sultan bin Abdulaziz-moskeen i Tabuk.
-
Tabuk jernbanestasjon.
-
Ein vintermorgon i Tabuk.
Golfkrigen
[endre | endre wikiteksten]Tabuk vart eit senter for militæraktivitet under Golfkrigen då byen var truga av irakiske scud-missil og luftåtak. Som følgje av dette sette den pakistanske hæren ut eit luftforsvarsregiment i byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tabuk» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mackey, Sandra. The Saudis: Inside the Desert Kingdom. Updated Edition. Norton Paperback. W.W. Norton and Company, New York. 2002 (first edition: 1987). ISBN 0-393-32417-6 pbk. p.234.
- ↑ «Tabuk Climate Normals». PME.