Duba i Saudi-Arabia
Duba | |||
ضبا | |||
by | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Emirate | provinsen Tabuk | ||
Koordinatar | 27°20′57.3″N 35°41′46.2″E / 27.349250°N 35.696167°E | ||
Folketal | 22 000 | ||
Tidssone | AST (UTC+3) | ||
Duba i Saudi-Arabia 27°20′57″N 35°41′46″E / 27.3493°N 35.6962°E | |||
Kart som viser Duba i Saudi-Arabia.
| |||
Wikimedia Commons: Duba, Saudi Arabia |
Duba (arabisk ضبا) er ein liten by ved den nordlege kysten av Raudehavet i provinsen Tabuk i Saudi-Arabia. Dei lokale innbyggjarane kallar han Perla ved Raudehavet. Innbyggjartalet er kring 22 000.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei første kjeldene som nemner Duba er frå 1203. Salmadalen og Kafafahdalen var alt kjend fleire hundreår før.
Den gamle grekaren Ptolemaios nemnde ei handelsrute som gjekk frå Kafafah til Lihyan (dagens Al-`Ula). Sjeik Abdulghani Al Nabulsi skreiv om Duba i 1790, då han reiste til Mekka for hajj.
Historisk har Duba vore ein del av Madian og byen er nemnt i gamle islamske skrifter. I følgje Koranen slo profeten Moussa seg ned i Madian (regionen byrjar frå Jordanelva og strekkjr seg til byen Duba) der profeten Shoaib tok i mot han.
Dei osmanske tyrkarane bygde festningsverk i byen for å verne ruta frå Egypt til Arabia.
Etter den saudiarabiske erobringa av byen i 1933, bygde kong Abdulaziz borga si her same året.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Duba ligg nordvest i Saudi-Arabia på kysten av Raudehavet langs den egyptiske vegen for hajj, kring 300 km frå grensa til Egypt, Jordan og Israel. Duba omfattar tre dalar, Dahkan i nord, Salma og Kafafah i sør. Han ligg 800 km from Jidda / Mekka via kysthovudvegen som passerer gjennom den store hamne- og industribyen Yanbu.
Duba er ein hamneby og ferje og skip vert operert her for Egypt og Jordan. Ein kan nå hamnebyane Hurghada og Safaga i Egypt på tre timar med ferje. Byben ligg strategisk til ved innløpet til Akababukta som endar ved Eilat (Israel) og Aqaba (Jordan).
Klima
[endre | endre wikiteksten]Köppen-Geiger sitt klimaklassifiseringssystem klassifiserer klimaet her som varmt ørkenklima (BWh).[2]
Vêrdata for Duba | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 22,4 | 24 | 26,4 | 29,2 | 32,5 | 34,6 | 35,6 | 35,8 | 34 | 31,8 | 27,7 | 23,5 | 29,8 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 16,9 | 18,2 | 20,7 | 23,5 | 27,2 | 29,4 | 30,6 | 30,8 | 29 | 26,4 | 22,2 | 18 | 24,4 |
Gjennomsnittleg min °C | 11,4 | 12,5 | 15,1 | 17,9 | 21,9 | 24,3 | 25,6 | 25,8 | 24 | 21 | 16,8 | 12,6 | 19,1 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 1 | 1 | 1 | 0 | 1 | 0 | 0 | 0 | 0 | 1 | 4 | 2 | 11 |
Kjelde: Climate-Data.org (høgd: 15m)[2] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Duba» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Port of Dhiba (Duba), Saudi-Arabia
- ↑ 2,0 2,1 «Climate: Duba - Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 26. mai 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2009-09-25 ved Wayback Machine.