[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Torsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torsk
Torsk
Torsk
Utbreiing og status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av torsk
Utbreiinga av torsk
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Orden: Torskefisk Gadiformes
Familie: Torskefamilien Gadidae
Slekt: Gadus
Art: Torsk G. morhua
Vitskapleg namn
Gadus morhua

Torsk (Gadus morhua) er ein saltvassfisk i torskefamilien. Han lever i delar av det nordlege Atlanterhavet, i Polhavet og i Austersjøen. Torsken er hovudsakleg ein botnfisk, men større fiskar lever òg i dei frie vassmassane.

Ein skil mellom to hovudtypar av torsk: den stadbundne kysttorsken som lever ved botnen på grunt vatn langs kysten, og den vandrande norsk-arktiske torsken som har oppvekstområde i Barentshavet og seinare kjem til norskekysten som gytemoden torsk, mest kjend som skrei. Mange av samfunna langs kysten mot Nord-Atlanteren har vakse fram som følgje av tilgangen på torsk.

Torsken er ein av dei viktigaste matfiskane og har stor økonomisk verdi for fiskeindustrien. Mange torskestammar er i dag truga av overfiske, særleg i Vest-Atlanteren og i Austersjøen. Torsk er rekna som ein verdifull ressurs og det har vore internasjonale konfliktar om tilgangen på å fiska torsk. I Noreg er torsk ei av dei viktigaste eksportvarene, der ein i 2021 eksporterte torsk for over ni milliardar kroner.[2]

Torskefisket i Noreg utgjorde i 2019 eit ilandført kvantum på 329 897 tonn torsk.[3]

Torsken har det vitskaplege namnet Gadus morhua. Fisken er kalla «torsk» på norsk, dansk og svensk, som kjem av norrønt og truleg er avleidd av germansk þurs – 'tørr' – som kan visa til at torsken er brukt til å laga tørrfisk. Den gytande arktiske torsken er i Noreg kalla skrei. Andre norske namn på torsk er gjedd, loddetorsk, kysttorsk og taretorsk.[1]

finsk heiter arten turska, på polsk dorsz og på russisk treska. I engelsktalande land kallar ein arten cod, i Tyskland kabeljau eller dorsch og i Frankrike cabillaud eller morue.[4]

Skjelettet til ein torsk
Foto: Akwarium Gdyńskie, Gdynia, Polen
Dei indre organa til ein torsk:
1. Lever, 2. Symjeblære, 3. Rogn,
4. Blindsekkar, 5. Magesekken,
6. Tarmen (litt skjult bak rogna)

Torsken har tre ryggfinnar, to gattfinnar, tydeleg skjeggtråd under haka, og er svakt overbit. Han kan bli kring 150–180 cm lang og 50–55 kg tung.[4][5] Det finst mange ulike populasjonar av torsk, med stor variasjon i livshistorie og dimed også i storleik og alder. Til dømes er torsken som finst langs kysten, kalla kysttorsk, vesentleg mindre enn torsk som vandrar langt, ofte kalla skrei eller havtorsk. Kysttorsken sør for 62°N blir sjeldan lengre enn 1 meter og tyngre enn 20 kg.[6]

Fargen på ryggen og kroppssidene vekslar etter habitatet og næring mellom grå, olivengrøn, brun eller raudbrun (til dømes taretorsk) med mørkare marmorering. Buken er lysare, nesten kvit. I havområde med mykje algar får gjerne skinnet eit raud- eller grønskjær, medan fisk som lever nær botnen eller over sandbotn gjerne blir bleikgrå i fargen.[5]

Torsken finst berre i det nordlege Atlanterhavet mellom Vizcaya i sør og Novaja Zemlja og Spitsbergen i nord, ved Island, Sør-Grønland, Newfoundland og austkysten av USA til Cape Hatteras. Innanfor dette utbreiingsområdet held han til i kystnære farvatn i fjordane og utover bankane, hovudsakleg i vassmassar med temperatur mellom 0 og ca. 10 °C. Likevel har ein registrert at nokre torskepopulasjonar ser ut til å trivast i høgare temperatur.

Sjølv om torsken er ein saltvassfisk, er han i stand til å tolerera lågt saltinnhald i vatnet. Eit døme på dette er torsken i Austersjøen, som lever under høve med svært låge og varierande saltnivå. Det er også oppdaga torsk som har overlevd i lengre tid i reint ferskvatn i meir arktiske område.

Det finst to hovudgrupper av torsk: havtorsk eller skrei, og kysttorsk. Skreien består av større bestandar som vandrar mellom gyteområde ved kysten og oppvekstområde som kan liggja langt unna. Den norsk-arktiske torsken, som er den eigentlege skreien, er den økonomisk viktigaste av desse. Han veks opp i Barentshavet, og vandrar som kjønnsmoden til norskekysten, med dei viktigaste gyteområda ved Lofoten, Vesterålen og Møre. Den islandske skreien veks opp på bankane rundt Island og i Danmarkstredet og vandrar til sørkysten for å gyta. Bestanden ved Sør-Grønland gyter no utanfor sørvestkysten, men vandra tidlegare (i 1930-åra) i større mengder til gytefeltet ved Sør-Island. Skreien på vestsida av Atlanterhavet har størst utbreiing ved Newfoundland. Denne bestanden var tidlegare talrik, men har som følgje av uheldig forvalting no nådd historisk låge bestandsnivå.

Kysttorsken er meir eller mindre stadbunden innanfor snevre område, og kan derfor skiljast i mange mindre, lokale stammar. Nyare studiar indikerer at dei fleste større norske fjordane har eigne bestandar av kysttorsk. Mange fjordar er danna då isbreane skura botnen. Slike fjordar har ofte ein terskel ytst ut mot havet. Denne terskelen fører til at dei djupare vassmassane i fjorden sjeldan er bytte ut. Dette kan medføra at egg som gytast inne i fjorden blir verande i fjorden. Yngelen er svært stadbunden og vil derfor leva heile livet sitt inne i fjorden.[5]

Torsk toler temperaturar frå 0 °C til 20 °C, nesten all salinitet frå svært lite salt brakkvatn til reint sjøvatn med ein salinitet på kring 3,5 % og lever i ulike habitat frå kysten til djup på 600 meter og under, stort sett mellom kl. 150 og 200 meters djupn. Det er meir sannsynleg at ungfiskar finst på grunt vatn på 10 til 30 meters djup i strukturerte miljø der dei kan gøyma seg for rovdyr, til dømes bed av sjøgras eller botnar dekte av grus eller større steinar. Vaksen torsk føretrekkjer djupare, kaldare vatn.[7]

Generelt er torsken ein botnfisk og held seg vanlegvis ved botnen på 150 til 200 meters djup. Dersom tilhøva ikkje er avvikande, til dømes når oksygennivået er for lågt, eller når fisken søkjer make for å reprodusera, sym dei òg pelagisk i ope vatn på 30 til 80 meters djup. Store vaksne fiskar føretrekkjer låge temperaturar på 0 til 5 °C. Kva stad torsken held til er meir påverka av tilgangen på mat enn av temperaturen i vatnet. Torsk vandrar mellom gyte-, fôrings- og overvintringsstader. Vandringar lengre enn 200 km er sjeldne for torsk i Nordsjøen, den engelske kanalen og Irskesjøen, men i det nordaustlege Atlanterhavet dekkjer dei avstandar på 800 til 900 km, og torsk på kysten av Grønland trekkjer til og med avstandar på meir enn 1000 km. Nordaust-atlantisk torsk held seg mesteparten av året i Barentshavet, og vandrar til kysten av Noreg for å gyta. Bornholmsbassenget er viktig for torsken i Austersjøen og er hyppig besøkt både for søking etter partnar og som gytestad.

I det vestlege Atlanterhavet, i den sørlege Mainebukta, driv stigande vasstemperaturar torsken til kysten av Labrador-halvøya om sommaren, for så å migrera sørover att seinare på vinteren eller for å oppsøka djupare vassområde. Torsken fer òg regelmessig innom ulike elvemunningar i Maine og Massachusetts på seinhausten og vinteren. På dagtid er fiskane selskapelege og dannar mellombels stimar som sym omkring 30 til 80 meter over havbotnen. Om natta spreier dei seg for å leita etter føde.

Nokre grupper av torsk lever relativt stasjonært i same habitat. Andre migrerer utruleg langt og kjem aldri attende til fødestaden. Gjennomsnittsfarten deira er om kring fem kilometer per dag. Det vart likevel rekna ut ein gjennomsnittsfart på 25,7 km per dag for ein torsk som vandra frå austkysten til vestkysten av Grønland på éin månad.

Torskar som sym inntil sjøanemonar og svampar som veks på eit skipsvrak ved Massachusetts-bukta.

Torsken livnærer seg på ei rekke ulike byttedyr, mellom anna krill, tanglopper, fleirbørstemarkar, pigghudingar, krepsdyr, muslingar og mindre fiskar. Torskeyngel livnærer seg på plankton.[8] Ungfiskar opp til 25 cm har ein kost der krepsdyr utgjer om lag 90 %. Ettersom torsken veks til, blir kosten erstatta av større tifotkreps. Større torskar blir utprega rovfiskar og livnærer seg på andre artar, som sild og lodde, og fiskar i slekt med torsken, som hyse og moridar, i tillegg til mindre eksemplar av eigen art. Opp til tre år gammal torsk kan bli etne av større artsfrendar.[9] Medan samansetjinga av kosten av bentiske virvellause dyr ikkje endrar seg stort i laupet av året, varierer fiskeartane som torsken et etter årstidene. Havtorsken følgjer vandringa til silda og lodda, medan kysttorsken hovudsakleg livnærer seg på silar. Fisk som lever på djupt vatn føretrekkjer sild om sommaren og hausten, medan dei om vinteren og i gytetida et ein meir variert kost. Medan silda gyt, er magen til torsken ofte fylt av sildeegg. Torsken et plantar av og til, inkludert krusflik (Chondrus crispus). Om vintermånadene og under gytetida et torsken mindre. Vaksne torskar jaktar som regel på mat om natta, medan eksemplar mindre enn 20 cm et kontinuerleg.

Formeiring

[endre | endre wikiteksten]
Ungfisk i Nordsjøen

Torsken blir kjønnsmoden når han er 31 til 74 cm lang (gjennomsnittlig 41 cm) og mellom to (Oslofjorden)[5] og fire år (Vest-Atlanteren).[9] Arten gyter ein gong i året. Tilhøvet mellom kjønna er om lag 1 til 1, med ei lita overvekt av hoer. Gyting går føre seg rett over havbotnen på kontinentalsokkelen i ei djupn på opptil 200 meter i ein vasstemperatur på 0 til 10 °C, med eit føretrekt temperaturområde på 4 til 6 °C eller lågare. Dersom torsken ikkje finn riktig vasstemperatur der, vil han sannsynlegvis gyta pelagisk på djupner med den føretrekte temperaturen. Val av gyteområde avheng også av oksygeninnhaldet i vatnet på botnen.

Viktige gyteplassar i Europa er Lofoten og resten av norskekysten, der reproduksjonen går føre seg frå februar til april, og Kvitsjøen, der fisken gyter frå mars til mai. Torsken som lever i Nordsjøen formeirar seg frå desember til mai, dei som lever i den brakke Austersjøen frå april til slutten av mai i det havdjupnene aust for Bornholm, som har høgt saltinnhald. I år med lågt innsig av saltvatn frå Nordsjøen er reproduksjonssuksessen til baltisk torsk låg. Dei pelagiske egga søkkjer då ned på djupt vatn med lite oksygen og døyr. Det viktigaste gyteområdet i Nordvest-Atlanteren er den austlege halvdelen av Georges Bank, mellom Cape Cod og Nova Scotia, og havet sør for Grand Banks, den nest viktigaste er den sørvestlege delen av Maine-gulfen mellom Nantucket Shoals sør for Nantucket og Fundybukta. Ved Grand Banks gyter torsken frå april til juni, i Maine-bukta frå november til april, utanfor kysten av det vestlege Grønland frå mars til juni og i den sørvestlige St. Lawrence-bukta frå mai til september.

Torsken er ein av dei mest avleføre fiskane i verda. I gjennomsnitt produserer ei hoe opptil fem millionar egg kvart år i fleire påfølgjande år.[10] Egga er om lag 1,5 mm i diameter og stig til havoverflata. Avhengig av vasstemperaturen klekker yngelen etter to til fire veker og er då kring fem millimeter lange. Egg og ynglar er pelagiske dei første 2,5 månadene, deretter lever yngelen nær havbotnen. Yngel og ungfisk veks raskt, og hofisken litt raskare enn hannane. Torsk i Nordsjøen og Den engelske kanalen veks raskare enn dei som lever på høgre breiddegrader. I ein alder av tre er hannane i gjennomsnitt 56 cm lange, hoene 59 cm, i ein alder av fem år kjem ein opp i ei gjennomsnittleg lengd på 81 cm (hannar) til 85 cm (hoer).

Det høge presset frå fiske favoriserer tidleg kjønnsmodning, sidan torsk som blir seint kjønnsmoden ofte blir fanga før den første gyting og derfor ikkje kan føra sin disposisjon vidare. Medan gjennomsnittslengda på dei førstegongsgytande tidlegare var 80 cm, er denne i dag 50 til 60 cm i Nordsjøen. Ei samanlikning av genomet til fisk som lever i dag med det frå før overfiske vart eit problem, gav likevel ingen bevis på genetisk utarming av arten.[11]

Fiske av torsk

[endre | endre wikiteksten]
Torskefiske i Alaska

Ein har drive torskefiske langs norskekysten sidan steinalderen. Det er kjent at sjøfarande hadde med seg tørka torsk på lange utferder, og allereie i vikingtida eksporterte nordmenn den tørka fisken til Sør-Europa, særleg til Spania og Italia. Denne handelen har gått føre seg i over tusen år utan brot, og er framleis viktig. Tørrfisken blir i første rekke produsert i Lofoten, der fisket etter gytemoden skrei skjer ved byrjinga av kvart år.

Ein kan fiska torsk med botntrål, snurrevad, line, garn, jukse og teine. I Noreg fiskar ein omkring 30 % av fangsten med botntrål, resten med garn, line og snurrevad. For totalfangsten er det motsett, der blir om lag 70 % fiska med trål.[8] Fisket går føre seg året rundt, men har ein sesongtopp frå januar til april. Torsken blir henta opp frå alle stader i havet, frå inne i fjordar til langt ute på Barentshavet og i Nordsjøen.[4] Mellom kysttorsken og skreien, er det den sistnemnde som er den viktigast for norsk fiskeindustri. Skreien lever mykje av livet ute i Barentshavet og Nordsjøen, men kjem inn til Vesterålen og Lofoten for å gyta tidleg på året.

Sidan 1970-talet har torskefisket vore regulert i Noreg for å avverja overfiske, men også før denne tida styrte Lofotloven aktiviteten på innersida av Lofoten. Noreg og Russland samarbeider om å forvalta bestanden av torsk, og Russland fiskar om lag like mykje som Noreg. Andre nasjonar som driv med fangst av torsk er Færøyane, Spania, Grønland, Storbritannia, Island og Tyskland.[8]

Kysttorsken i Oslofjorden er no freda. Frå 15. juni 2019 er det forbod mot direktefiske etter torsk i område Svenskegrensa til og med Telemark. Det er og totalforbod mot alt fiske i 14 avgrensa gyteområde i tidsromet 1. januar til 1. mai. Forbodet gjeld og sportsfiske.[12]

Nytte som matfisk

[endre | endre wikiteksten]

Torsken er ein av dei viktigaste matfiskane og står for nesten 30 % av det internasjonale botnfisket. Ifølgje FAO auka fangsten frå om lag to millionar tonn i 1950 til nesten fire millionar tonn i 1968 og har sidan falle jamt og trutt til under éin million tonn i 2010. Innan 2016 auka den årlege fangsten att til over 1,3 millionar tonn. Etter kring 1970 er det landa større mengder av stillehavslyr enn av torsk.

Torskekjøtet er kvitt, smakar nøytralt og kan lagast til på mange ulike måtar. I mange europeiske land er torsk ein grunnleggjande matingrediens. Torsk er ofte brukt i fish and chips. I Portugal og Brasil serverer ein denne fisken på julaftan og andre fastedagar, og erstattar kjøt. Bacalhau er ein av nasjonalrettane der. Torsk har ei viktig rolle i fransk, spansk og baskisk mattradisjon. Torsken er ofte selt som tørka fisk, tørrfisk, både i desse landa så vel som i Tyskland, Storbritannia og Noreg. Når fisken er konservert på denne måten, legg ein han i vatn i lengre tid før han blir brukt til matlaging.

Sidan torsk var ein ålment tilgjengeleg fisk, vart han brukt som mat for dei fattige så vel som ei erstatning for kjøt i katolske fastedagar. I dag er statusen til torsk som matvare i ferd med å endra seg på grunn av minkande fangst og stigande pris.

Torskelever er velsmakande og kan etast som spesialitet tilsett poteter eller som pasta til brød. Retten er særleg verdsett i Russland. I tillegg til smaken er levra rik på vitamin og fleirumetta feittsyrer. Ho inneheld 65 % av feittet som ein lagar tran av når det blir brukt som medisin (til dømes ved behandling av gikt eller i førebygging av diabetes).

Avfall frå foredling av torsk kan brukast til å produsera fiskemjøl.

Kjøtet av torsk og fleire andre fiskar inneheld allergen, som parvalbumin Gad c I, som er mellom dei mest alvorlege matallergena. Inntak av både fiskemjøl og rått eller kokt kjøt kan forårsaka alvorlege allergiske reaksjonar hjå menneske.

Torskeoppdrett er framleis i startfasen.[13] Det har vore torskeoppdrett i Noreg sidan slutten av 1990-talet, og dei siste åra har det vore oppdrettsanlegg i Skottland, på Island og i Tyskland. Medan oppdrett i Tyskland så langt har hatt som mål å berika ville nordsjøbestandar med ungtorsk, dyrkar Noreg og Skottland allereie torsk kommersielt. Riktig nok, til no er oppdrettstorsk sjeldan funnen i handelen på grunn av den framleis låge lønsemda ved oppdrett - FAO reknar salsvolumet til 2500 tonn - men i møte med forsvinnande villtorskebestandar har nokre ekspertar spådd ein boom i denne forma for akvakultur.[14] Norske opprettarar har som mål å levera hundretusenvis av tonn torsk om nokre år.[15]

Dei første forsøka på å avla torsk gjekk føre seg på 1970-talet, men ein greidde ikkje å fôra torskeynglen. I mellomtida har oppdrettarar lært av tidlegare feil frå lakseoppdrett og hevdar dei har løyst oppdrettsproblem som å forsøpla havet med ubrukt mat, avfall og torsk som rømmer frå oppdrettsanlegget. Ein prøver framleis å betra ernæringsbalansen – så langt treng ein 1,5 kg mat per 1 kg torsk – noko som reduserer lønsemda monaleg. Eit anna problem er behovet for samtidig å avla plankton, som er maten til nyklekt torskeyngel på 4 mm. Dette problemet hemjar utviklinga av torskeoppdrett. I tillegg har oppdrettarar enno ikkje klart å kontrollera kjønnsdrifta til torsken, noko som påverkar veksten: når fisk bruker energien sin til å produsera rogn og mjølke, et dei meir, men veks saktare. Eit kunstig lys plassert under vatn kan brukast til å kontrollera kjønnsdrifta. Dette lyset er meint å imitera lengre sommardagar og såleis stimulera torsken til å undertrykka sexhugen som blussar opp under normale høve om våren.

Oppdrett av torsk er likevel kontroversielt. Forverring av sjukdommar, som lus av Caligus elongatus, som ofte plagar oppdrettsfisk, er problematisk. Desse sjukdommane kan infisera vill torsk eller annan fisk som passerer nær merdane. I tillegg forsvinn instinkta i avl. Torsk som rømmer og blandar seg med ville individ av same art kan overføra domestisert atferd til avkommet, som er ueigna for naturlege tilhøve.[16]

Sjukdommar

[endre | endre wikiteksten]
Torskekveis (Pseudoterranova decipiens) funne i torskefilet.

Torsk blir stadig meir infisert av rundormen torskekveis (pseudoterranova decipiens). Denne parasitten er 4 cm lang, og larvane lever i tarmane til torsken eller i fiskekjøtet, oftast rundt buken. Større, eldre torskar har ein tendens til å bli meir infiserte enn unge individ. I tillegg har torsk fanga nær kysten større sannsyn for å bli smitta. I fiskeforedling er den vanlegaste metoden for å påvisa torskekveis visuell undersøking, også ved bruk av sterk lysscreening av torskefileten, som viser mørkare larvar i lyst fiskekjøt.[17] Trass grundige undersøkingar, kan ein nokre gonger finna larvar i torskekjøt frå butikken. Den internasjonale standarden Codex Alimentarius tolererer åtak på kommersielt kjøt på opp til maksimalt 5 nematodar per 1 kg fisk. Koking av torsk ved temperaturar over 60 °C i minst 10 minutt og frysing under -20 °C i tre dagar garanterer at ein drep larvane. Torskekveisen kan infisera menneske dersom ein et rått eller ukokt fiskekjøt. Parasittane kan festa seg i magesekken til mennesket og forårsaka sjukdom.[18]

Ein ny sjukdom vart først oppdaga i 1988 i kystfarvatnet i Nordsjøen ved Tyskland. Infeksjonen er forårsaka av ein av Cytophaga-Flexibacter-bakteriane, som berre rammar ungtorsk. Han syner seg ved at fisken blir gul i fargen (hovudsakleg finnane) og får kroppsdeformasjonar. Sjukdommen endar med at fisken døyr.[19]

Torsk lir òg av andre bakterielle sjukdommar (til dømes furunkulose, vibrose), virussjukdommar (viral nerve-nekrose, VNN) og av parasittåtak, til dømes dei allereie nemnde Caligus elongatus-lusa. Desse sjukdommane utgjer ein alvorleg trussel mot torskeoppdrett, men også mot dei ville torskebestandane.

  1. 1,0 1,1 «torsk Gadus morhua Linnaeus, 1758». artsdatabanken.no. Henta 25. januar 2022. 
  2. «Eksport av fisk, etter land, statistikkvariabel, år og varegruppe». Statistisk sentralbyrå. Henta 25. januar 2022. 
  3. «Fiskeri (avslutta i Statistisk sentralbyrå)». Henta 9. mars 2022. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Paulsen, Trine Merethe (27. mars 2020). «Torsk - Råvare, produksjon og kvalitet». ndla.no. Henta 25. januar 2022. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Vøllestad, Asbjørn (21. desember 2021). «torsk». Store norske leksikon. Henta 25. januar 2022. 
  6. «Kysttorsk – sør for 62ºN». Havforskingsinstituttet. 15. desember 2021. Henta 25. januar 2022. 
  7. Freitas, Carla; Esben M. Olsen; Halvor Knutsen; Jon Albretsen; Even Moland (17. oktober 2015). «Temperature-associated habitat selection in a cold-water marine fish». British Ecological Society. Henta 25. januar 2022. 
  8. 8,0 8,1 8,2 «Torsk – nordøstarktisk (skrei)». Havforskingsinstituttet. 26. mars 2019. Henta 25. januar 2022. 
  9. 9,0 9,1 «Torsk – Nordsjøen/Skagerrak og Den østlige engelske kanal». Havforskingsinstituttet. 26. juli 2021. Henta 27. januar 2022. 
  10. Nilsen, Alf Jacob (17. juni 2019). «Formering hos fisk». ndla.no. Henta 25. januar 2022. 
  11. Stokstad, Erik (7. april 2021). «Massive collapse of Atlantic cod didn’t leave evolutionary scars». sciencemag.org. Henta 25. januar 2022. 
  12. «Hva betyr torskefredningen for deg?». Henta 14. mars 2022. 
  13. «Torskeoppdrett». Havforskingsinstituttet. 26. mai 2021. Henta 25. januar 2022. 
  14. «Sterk tro på avl og oppdrett av norsk torsk». kyst.no. 22. februar 2019. Henta 25. januar 2022. 
  15. «Med Kahoot-penger i potten satser gründerne på oppdrett av 100.000 tonn torsk i året». Fiskeribladet. 6. desember 2021. Henta 25. januar 2022. 
  16. «Frykter ny storsatsing på torskeoppdrett skal gå ut over villfisknæringen». Fiskeribladet. 17. desember 2021. Henta 25. januar 2022. 
  17. Andreassen, Irene (1. november 2010). «Finner kveis i torsk». forskning.no. Henta 27. januar 2022. 
  18. «Ormebol i torsken». NRK Nordland. 15. mai 2010. Henta 27. januar 2022. 
  19. Ingrid Hilger og andre (20. juni 1991). «A new ulcerative flexibacteriosis-like disease ('yellow pest') affecting young Atlantic cod Gadus morhua from the German Wadden Sea» (pdf) (på engelsk). Henta 27. januar 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Torsk
  • Wiktionary-definisjonen på torsk