[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Hyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hyse
Hyse
Hyse
Status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Orden: Torskefisk Gadiformes
Familie: Torskefamilien Gadidae
Underfamilie: Gadinae
Slekt: Melanogrammus
Art: Hyse M. aeglefinus
Vitskapleg namn
Melanogrammus aeglefinus

Hyse eller kolje er ein fisk i torskefamilien. Han er lett kjenneleg på den svarte flekken under den fremste ryggfinnen.

Hysa, som er ein av dei viktigaste matfiskane våre, er ein botnfisk som i hovudsak et rogn, små blekksprutar og ymse botndyr. Hyser, særleg yngre, er byttedyr for mellom anna torsk, grønlandssel og vågekval.

Det er fleire bestandar av hyse i norske farvatn. Den nordaustarktisk hysa er den største. Ho kan bli kring ein meter lang, med ei vekt på kring 14 kg. Ein reknar at all hyse langs norskekysten nord for Stad, i Barentshavet og på vestsida av Svalbard tilhøyrer denne bestanden

Hysa gyt på djupt vatn. Hovudgyteområdet er på vestsiden av Tromsøflaket. Gytinga foregår om våren. Ho vert kjønnsmoda når ho er 4–7 år gammal og omlag 40–60 cm lang.

I 2022 var det lov å fiske 178 532 tonn av nordaustarktisk hyse.[1]

I hysebestanden vi finn i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland er fiskane mindre, berre opp til 60 cm og 4 kg. Dei gyt sentralt i Nordsjøen i mars – mai. Dei siste 50 åra har denne hysebestanden trekt nordover i Nordsjøen. Hyse vert hovudsakeleg fanga med botntrål, og i mindre grad og med snurrevad.

Av hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland kunne det i 2022 fiskast 52 691 tonn.[2]

Fotnotar
  1. «Nordøstarktisk hyse». HAVFORSKNINGSINSTITUTTET. 24. februar 2022. Henta 20. april 2023. 
  2. «Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest av Skottland». HAVFORSKNINGSINSTITUTTET. 30. august 2022. Henta 20. april 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hyse