[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Provinsen Lleida

Koordinatar: 42°00′N 1°10′E / 42.000°N 1.167°E / 42.000; 1.167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provinsen Lleida

Lleida (spansk Lérida) er ein provins nordaust i Spania, vest i den autonome regionen Catalonia. Han grensar til provinsane Girona, Barcelona og Tarragona, Zaragoza og Huesca og landa Frankrike og Andorra.

Provinsen har i overkant av 400 000 innbyggjarar, og om lag 30 % bur i provinshovudstaden. Lleida. Andre byar i provinsen er La Seu d'Urgell, Mollerussa, Cervera, Tàrrega og Balaguer. Det er i alt 231 kommunar i Lleida.

42°00′N 1°10′E / 42.000°N 1.167°E / 42.000; 1.167