Provinsen Lugo
Utsjånad
Lugo er ein provins nordvest i Spania, nordaust i den autonome regionen Galicia. Han grensar til provinsane Ourense, Pontevedra og La Coruña, León, Asturias og i nord til Biscayabukta.
Provinshovudstaden er Lugo som har omtrent ein fjerdedel av innbyggjarane på kring 350 000 innbyggjarar.
Provinsen har 67 kommunar.
Kommune | Innbyggjarar |
---|---|
1-Lugo | 96.678 |
2-Monforte de Lemos | 19.546 |
3-Viveiro | 16.238 |
4-Vilalba | 15.437 |
5-Sarria | 13.508 |
6-Ribadeo | 9.983 |
7-Foz | 9.970 |
8-Burela | 9.381 |
9-Chantada | 9.014 |
10-Guitiriz | 5.896 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lugo (province)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2009.