Proposisjon
Utsjånad
Proposisjon er eit ord nytta i logikken for å skildre innhaldet i påstandar. Ein påstand kan evaluerast som anten sann eller usann. Proposisjonar er ikkje-lingvistiske abstraksjonar, så forskjellige setningar innan eit språk, eller ei setning på to ulike språk, kan uttrykkje same proposisjon. Det er vanleg å setje ordet at framfor ei setning som skal uttrykkje ein proposisjon, t.d. er at Ola elskar Kari proposisjonen som setninga Ola elskar Kari uttrykkjer.
Argument mot bruk av proposisjonar
[endre | endre wikiteksten]Filosofien W.V.O. Quine meinte at sidan det er så vanskeleg å nøyaktig og fullstendig omsetje, burde me heller snakke om setningane, enn proposisjonane dei (kanskje) uttrykkjer.