[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Personar som nasjonalsymbol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Fædrelandssang» frå 1914. Kvinnefiguren er ei lekamleggjering av Noreg kledd i det norske flagget og berande på det norske kongeflagget.
Uncle Sam (personifikasjonen av USA) med kvithovudhavørn og Britannia (personifikasjonen av Storbritannia) med britisk løve framstilt arm-i-arm på ein propagandaplakat frå første verdskrigen symboliserer den britisk-amerikanske alliansen under krigen.
Fransk karikaturteikning frå 1898 som viser den imperialistiske kampen til stormaktene om herredømet i Kina. Nasjonane er framstilt som personar og stereotypar; kinesaren har karakteristisk hårpisk og guanmao (embetshatt), medan Storbritannia er representert ved dronning Viktoria i enkeslør, Tyskland ved keisar Vilhelm II i pikkelhue, Russland ved tsar Nikolaj II i pelskalott, Frankrike ved personifikasjonen Marianne i frygisk lue og Japan ved ein japanar med chonmage (tradisjonell, barbert frisyre) og samuraisverd.
Italia und Germania (Sulamith und Maria) måla av nasarenaren Friedrich Overbeck 1811-1828 symboliserer vennskapet mellom Italia og Tyskland representert ved forløparane til Italia Turrita, den krona personifikasjonen av Italia frå 1870-tallt, og Germania, tysk nasjonalfigur frå 1840-talet.

Ulike personar og menneskelege figurar blir nytta som nasjonalsymbol i ulike land. Desse kan koma frå nasjonal mytologi eller historie, eller vera laga som ei personifisering av landet. Slike nasjonalsymbol kan brukast i offisielle og høgtidelege samanhengar, til dømes avbilda på pengar, frimerke, bilete eller som statuar; eller i meir spøkefulle omstende, som i avisteikningar.

Land Personifikasjon
 Albania Moder Albania, krigshelten Skanderbeg
 Argentina Bilde eller skulptur av republikken/friheten/framsteget/fedrelandet, gauchoar
 Armenia Moder Armenia (Majr Hajastan, «Mor Hajastan»)
 Australia Boksande kenguru
 Brasil Efígie da República, Candango (berre i Brasília), Bandeirante (i staten São Paulo)
 Bulgaria Bay Ganyo
 Canada Johnny Canuck, ein «Mountie» (eit medlem av Det ridande kanadiske politiet, Royal Canadian Mounted Police), Le Vieux de '37 (franskspråklege Canada), Adam Dollard des Ormeaux (brukt under verdskrigane som et militært eksempel), Miss Canada, Mother Canada (ved Vimy Memorial)
 Chile El Roto, El Huaso, La Carmela, Doña Juanita (ei vanleg chilensk landsens kvinne)
 Kina Kinesisk drake
 Danmark Holger Danske
 Den dominikanske republikken Anacaona
 Egypt Om el-Donia («Verdsmora»)
 England John Bull
 Europa Europa, Europa regina, Karl den store, Sankt Hedvig
 Finland Suomi-neito («Finlands-møya»)
 Frankrike Marianne, gallisk hane
 Georgia Sankt Georg, Kartlis Deda («Moder Georgia»)
 Hellas Athene, skikkelse frå maleriet La Grèce sur les ruines de Missolonghi (1825) av Eugène Delacroix
 Honduras Juan Pueblo
 Ungarn Hungária/ Hunnia
 Island Fjallkonan («Fjellkvinna»)
 Irland Ériu, Kathleen Ni Houlihan, Hibernia, Granuaile
 India Gudinna Bharat Mata («Moder India»), tidligere gudinna Durga, The Common Man
 Indonesia Ibu PertiwiModer jord»)
 Israel Srulik, kong David
 Italia Italia Turrita
 Japan Amaterasu Omikami, samurai
 Kambodsja Dei mytologiske figurane Preah Thaong og Neang Neak
 Makedonia Mor Makedonia, Den makedonske løva (nasjonalsymbol)
 Malta Melita
 Mexico La Adelita
 Nederland Hans Brinker (utanfor Nederland), De Leeuw van Oranje, de Nederlandse Maagd («Nederland-møya»), Zeeland: Zeeuws Meisje
 New Zealand Kiviar, Zealandia, Southern man (for Sørøya)
 Noreg Ola og Kari Nordmann, Moder Norge, Ola Dunk, Kong Nor (historisk)
 Pakistan Pak Watan
 Palestina Handala
 Peru Chalán, La Madre Patria
 Filippinane Juan dela Cruz, Maria Clara (i romanen Noli Me Tangere)
 Polen Polonia (Lech, Den kvite ørna)
 Portugal Zé Povinho, Eu nacional («Det nasjonale sjølvet»), Lusitania, Efígie da República, Galo de Barcelos («Barcelos sin hane»)
 Romania România Revoluționară måla av Konstantin Daniel Rosenthal
 Russland Rossija-Matusjka (Россия-Матушка, «Moder Russland») eller Rodina-mat (Родина-мать, «Moder Moderland»), russisk bjørn
 Skottland Jock Tamson
 Serbia Ulv (nasjonal persifikasjon bygd på slavisk mytologi), prins Marko (mytisk helt, stereotyp på serbisk mentalitet), Kosovo-jomfru, typisk serbar (skjeggete, sta man med pelshatt)
 Slovenia Kranjski Janez («Jon frå Krain», ein vanleg mann frå sentralregionen i Slovenia), Peter Klepec
 Sør-Korea Dangun
 Spania Hispania, Juan Español, Toro Osborne (Osborne-okse)
 Sverige Moder Svea
 Sveits Helvetia
 Tsjekkia Josef Švejk (litterær skikkelse), Český Vašek (på 1800-talet, forelda), Hloupý Honza, Praotec Čech (sagnskikkelsen «stamfader Tsjekk»), Čechie, dobbelthala tsjekkisk løve
 Tyrkia Anatolia, Boskurt («Den grå ulven»)
 Tyskland Tyskland: Germania, Deutscher Michel, krigaren Arminius (Hermann der Cherusker)
Bayern: Bavaria, Berlin: Berolina, Franken: Franconia, Hamburg: Hammonia, Preussen: Borussia, Pfalz: Palatia, Sachsen: Saxonia
 Storbritannia Britannia, John Bull, løve
 USA Uncle Sam (personifikasjon for styresmaktene), Lady Liberty (Fridomsstatuen), Columbia, John Doe, Brother Jonathan (forelda), Johnny Rebel (for Sørstatane, forelda), Billy Yank (for Nordstatane, forelda)
 Ukraina Kosakken Mamaj
 Sovjetunionen Rodina-mat (Родина-мать, «Moder Moderland»)
 Venezuela Fridommens kvite hest
 Wales Dame Wales, skikkelsen på maleriet Deffroad Cymru, the Awakening of Wales (1911) av Christopher Williams

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Personar som nasjonalsymbol