Chile
República de Chile
(norsk: Chile, chilensk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Himno Nacional de Chile» | ||||||
Motto | spansk: Por la razón o la fuerza (Med grunn eller med makt) | ||||||
Offisielle språk | Spansk | ||||||
Hovudstad | Santiago1 | ||||||
Styresett |
Republikk Michelle Bachelet | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
756 102 km² (37.) 1,07 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
17 789 267 (63.) 23,5 /km² (156.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
frå Spania 12. februar 1818 25. april 1844 | ||||||
Nasjonaldag | 18. september | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
424 300 mill. USD (44.) 25 200 USD (55.) | ||||||
Valuta | Chilensk peso | ||||||
Tidssone | UTC -4 | ||||||
Telefonkode | +56 | ||||||
Toppnivådomene | .cl | ||||||
1Den dømande makta held til i Valparaíso |
Chile, offisielt Republikken Chile, er eit land på vestkysten av Sør-Amerika som grensar til Peru, Bolivia og Argentina. Chile dekkjer ei lang, smal kyststripe mellom Andesfjella i aust og Stillehavet i vest. Det grensar til Peru i nord, Bolivia i nordaust, Argentina i aust, og Drakesundet i sør. Saman med Ecuador er det eitt av to land i Sør-Amerika som ikkje grensar til Brasil. Stillehavskysten til Chile er 6 435 km lang. Chilensk territorium omfattar òg Påskeøya og stillehavsøyene Juan Fernández, Isla Sala y Gómez og Desventuradas. Chile hevdar òg 1 250 000 kvadratkilometer av Antarktis, sjølv om alle krav er suspenderte under Antarktistraktaten.
Forma på Chile er eit særprega band av land 4 300 kilometer langt og i gjennomsnitt 175 kilometer vidt. Klimaet varierer; alt frå den tørraste ørkenen i verda – Atacama – i nord, via middelhavsklima i midtre deler, til eit regnfullt temperert klima i sør. Den nordlege ørkenen har ein stor mineralrikdom, hovudsakleg av kopar. Det relativt vesle sentrale området dominerer i tilhøve til folkesetnad og jordbruksressursar, og er kulturelt og politisk sentrum i landet. Sør-Chile er rikt på skog og beiteområde, og det har ei rekkje vulkanar og innsjøar. Den sørlege kysten er ein labyrint av fjordar, viker, kanalar, halvøyar og øyar.
Før spanjolane kom til området på 1500-talet låg norddelen av dagens Chile under Inkariket, medan mapuchefolk heldt til i sentrale og sørlege Chile. Landa erklærte sjølvstende frå Spania 12. februar 1818. I «salpeterkrigen» (1879–1883), slo Chile Peru og Bolivia, og vann det noverande nordlege territoriet sitt. Sjølv om landet har halde seg relativt fritt for statskupp og vilkårlege regjeringar samanlikna med andre land i Sør-Amerika, hadde Chile eit 17 år langt militærdiktatur (1973–1990) under Augusto Pinochet som etterlét meir enn 3000 menneske døde eller sakna.
I dag er Chile ein av dei mest stabile og velståande nasjonane i Sør-Amerika, og ei anerkjend middels makt. Det er leiande blant latinamerikanske land i menneskeleg utvikling, konkurranseevne, inntekt per innbyggjar, globalisering, økonomisk fridom og lågt korrupsjonsnivå. Det rangerer òg høgt regionalt i pressefridom og demokratisk utvikling. Men det har stor økonomisk ulikskap etter Gini-indeksen. I mai 2010 blei Chile det første søramerikanske landet til å bli med i OECD. Chile er ein av grunnleggjarane av både SN og Unionen av søramerikanske nasjonar.
Namnet Chile
[endre | endre wikiteksten]Det finst ulike teoriar om opphavet til ordet «Chile». Ifølgje den spanske krønikeskrivaren Diego de Rosales på 1600-talet kalla inkaene Aconcagua-dalen «Chili», som følgje av namnet på ein høvding av Picunche-stammen («cacique») kalla Tili, som styrte området på tida det blei erobra av inkaene på 1400-talet. Ein annan teori peikar på likskapen mellom Aconcagua-dalen og Casma-dalen i Peru, der det var ein by og dal som heitte Chili. Dei spanske conquistadorane høyrde om dette namnet frå inkaene, og dei få overlevande frå Diego de Almagro sin første spanske ekspedisjon sørover frå Peru i 1535-1536 kalla seg «menn av Chilli». Til sjuande og sist er Almagro kreditert for å ha spreidd namnet Chile, etter at han gav dette namnet til Mapochodalen. Den eldre stavemåten «Chili» blei brukt på engelsk til minst år 1900 før dei bytta over til «Chile».
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Chile er eit langt og smalt land på vestsida av Andesfjella. Det strekkjer seg over 4 630 km frå nord til sør. Landet har difor ei lang kystline mot det sørlege Stillehavet. På det breiaste er Chile 430 km. Med eit areal på 756 950 km² er landet det 38. største landet i verda, om lag dobbelt så stort som Japan.
Landet har stor variasjon i landskap, frå snødekte vulkanar, tørre ørkenar, fjordar, skog, isfjell og meir. Det høgaste fjellet er Ojos del Salado (6 879 moh.). Den lengste elva er Loa, som er om lag 44 mil lang.
Klima og miljø
[endre | endre wikiteksten]Den nordlege Atacama-ørkenen inneheld store mineralverdiar, først og fremst kopar og nitrat. Den relativt vesle sentrale dalen, som blant anna inkluderer Santiago, dominerer landet med tanke på folkemengd og økonomi.
Det høgaste fjellet i landet heiter Ojos del Salado (6 879 moh.) Den lengste elva er Loa, som er 443 km lang.
Klima og miljø
[endre | endre wikiteksten]Klimaet i Chile er temperert, men varierer frå kaldt og fuktig i sør, via middelhavsklima på midten, til ørken i nord.
Ein kan dela inn Chile i fem ulike soner: i nord finn ein ørkensona (Atacama-ørkenen) som er ei av dei tørraste på jorda; litt mot sør mellom byane Copiapo og Illapel er ein halvørken.
I sentrale Chile ligg dei viktigaste byane i landet og størstedelen av folkesetnaden. Her drive ein intensivt landbruk takka vera fruktbar jord, regnfulle vintrar og tørre, varme somrar. Klimaet kan samanliknast med Sør-Europa, med solrike somrar og nedbør om vinteren.
Den sørlege sona mellom byane Concepción og Puerto Montt er godt eigna for jordbruk, fordi det er rikt på innsjøar.
Lengjer sør finst store samanhengande skogsområde. Lengst sør hersker kulda ved øygruppa Eldlandet. Den lange avstanden mellom nord og sør med høgdeskilnader innover i landet gjer at klimaet i Chile varierer kraftig.
Det finst aktive vulkanar i landet, og det førekjem alvorlege jordskjelv og tsunamier. Det sterkaste jordskjelvet ein har målt fann stad 22. mai 1960 i Valdivia, og målte 9,5 på Richters skala. Det er følgd av eit skjelv utanfor Concepción den 27. februar 2010 (8,8) og eit utanfor Valparaiso den 3. mars 1985 (8,0).
Nokre av miljøproblema i landet er luft- og vassforureining, og dessutan hogst av skogen.
Planteliv
[endre | endre wikiteksten]Plantelivet i Chile er prega av ein høgare grad av endemisme og relativt færre artar i høve til floraen til andre land i Sør-Amerika. Ei klassifisering av floraen gjer det naudsynt å dela han inn i minst tre generelle soner: ørkenprovinsen i nord, Midt-Chile, og dei kjølige og fuktige områda i sør.
Det er registrert litt over 3000 soppartar i Chile, men dette talet er langt frå komplett. Det verkelege totale artstalet for soppar i Chile vil truleg vera langt høgare, gjeve eit generelt akseptert estimat som anslår at berre om lag 7 prosent av alle soppar over heile verda hittil er blitt oppdaga. Sjølv om mengda av tilgjengeleg informasjon enno er svært lita har det blitt gjort ein innsats for å anslå talet på soppartar som er endemiske til Chile, og 1 995 arter er blitt identifiserte som dette.
Den nordlege regionen er i stor grad gold av vegetasjon, og er nærast ein absolutt ørken. I skråningane til Andesfjella finst det mykje gras, i tillegg til den spreidde tolabusken.
Den sentrale dalen er prega av fleire kaktusartar, hardfør espinos, chilensk furu, sørlege bøketre og copihue, ein raud klokkeforma blome som er nasjonalblomen i Chile.
I det sørlege Chile, sør for Biobío-elva, har kraftig nedbør produsert tett skog av laurbær, magnolia og ulike arter av bartre og bøketre, som blir mindre og meir forkrøpla i sør. Dei kalde temperaturane og vind i det ekstreme sør stenger ute tung skogreising. Det finst grasområde i Atlanterhavs-Chile (i Patagonia). Mykje av den chilenske floraen er annleis frå den i nabolandet Argentina, noko som indikerer at den andinske barrieren eksisterte under danninga.
Dyreliv
[endre | endre wikiteksten]Dyrelivet i Chile er prega av ein høg grad av endemisme på grunn av den spesielle geografien i landet. I kontinentale Chile fungerer Atacama-ørkenen i nord og Andesfjella i aust som barrierar som har ført til isolering av flora og fauna. Den enorme utvidinga i lengd (over 4200 km) gjev eit breitt spekter av klima og miljø. Den geografiske isolasjonen til Chile har ført til ei avgrensa innvandring av dyreliv, slik at berre nokre få av dei mange særeigne søramerikanske dyra finst her. Blant dei større pattedyra er puma, lamaliknande guanako og reveliknande chilla. I skogregionen finst det fleire typar pungdyr og ein liten hjort kjend som pudu.
Det finst mange fugleartar i landet, men dei fleste av dei større latinamerikanske typane er fråverande. Få ferskvassfiskar er endemiske, men nordamerikansk aure er blitt innført i innsjøane ved Andes. På grunn av nærleiken til Humboldtstraumen blømer havvatnet med fisk og andre former for marint liv, noko som i sin tur støttar eit rikt utval av sjøfuglar, inkludert fleire pingvinartar. Det finst ei mengd kvalar her, og ein har funne seks selartar i området.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Chile blei fyrst folkesett av amerikanske urfolk for knappe 13 000 år sidan. Landet erklærte seg sjølvstendig innanfor det spanske kongedømmet 18. september 1810, og fekk fullt sjølvstende den 12. februar 1818. Sjølvstendet markerte byrjinga på ein lang demokratisk tradisjon som varte fram til 1973. Dei einaste avbrota var periodar med anarki på 1830-talet og 1930-talet. I 1970 blei Salvador Allende vald som leiar i Chile. Allende var ein sosialist, og i hans periode gjorde han blant anna USA-eigde kopargruver om til statlege chilenske føretak. Han blei difor motarbeidd av både innanlandske og amerikanske føretak, og dessutan av Central Intelligence Agency. Resultatet av politikken til Allende var at inflasjonen i byrjinga av 1973 kom ut av kontroll.
26. mai 1973 erklærte høgsteretten i Chile einstemmig at styret til Allende var i strid med konstitusjonen. Deretter blei Allende styrta i eit militærkupp 11. september 1973. Presidentpalasset der Allende og medarbeidarane hans heldt til blei bomba med fly før det blei angripe med stridsvogner og soldatar. President Allende og folka hans forsvarte seg i fleire timar. Då kampane var slutt, var Allende død. Meir enn tre tusen personar blei drepne under kuppet. I dei påfølgjande åra blei meir enn tretti tusen menneske torturert. Fram til 1990 var landet styrt som eit militærdiktatur under leiing av Augusto Pinochet, då den demokratiske valde presidenten Patricio Aylwin tok over.
Samfunn
[endre | endre wikiteksten]Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Chile er delt inn i 16 regionar (regiónes) som igjen er inndelt i 56 provinsar. Provinsane er vidare delt opp i 346 kommunar (comunas):
Nr | Region | Hovudstad | Areal | Innbyggjarar (2017)[1] |
---|---|---|---|---|
I | Tarapacá | Iquique | 41 799,5 km² | 330 558 |
II | Antofagasta | Antofagasta | 126 049,1 km² | 607 534 |
III | Atacama | Copiapó | 75 176,2 km² | 286 168 |
IV | Coquimbo | La Serena | 40 579,9 km² | 757 586 |
V | Valparaíso | Valparaíso | 16 396,1 km² | 1 815 902 |
RM | Santiago metropol Region Metropolitana de Santiago |
Santiago | 15 103,2 km² | 7 112 808 |
VI | O'Higgins Libertador General Bernardo O'Higgins |
Rancagua | 16 387,0 km² | 914 555 |
VII | Maule | Talca | 30 296,1 km² | 1 044 950 |
VIII | Biobío | Concepción | 37 062,6 km² | 2 037 414 |
IX | Araucanía | Temuco | 31 842,3 km² | 938 626 |
X | Los Lagos | Puerto Montt | 48 583,6 km² | 828 708 |
XI | Aysén Aysén del General Carlos Ibáñez del Campo |
Coyhaique | 109 648,1 km² | 103 158 |
XII | Magallanes | Punta Arenas | 132 297,2 km² (1) | 166 533 |
XIV | Los Ríos | Valdivia | 18 429,5 km² | 384 837 |
XV | Arica og Parinacota-regionen | Arica | 16 873,3 km² (1) | 226 068 |
XVI | Ñuble | Chillán | 113 178,5 km² (1) | 480 609 |
Byar
[endre | endre wikiteksten]- Santiago de Chile – 5 400 000 innbyggjarar
- Antofagasta – 401 000
- Temuco – 377 000
- Viña del Mar – 324 000
- Valparaíso – 270 000
- Concepción – 216 000
- Iquique – 216 000
- Rancagua – 214 000
- La Serena – 200 000
- Arica – 180 000
- Puerto Montt – 175 000
- Talcahuano – 171 000
- Punta Arenas - 116 000
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Sentralbanken i Chile (Banco Central) ligg i Santiago. Den chilenske valutaen er chilensk peso (CLP). Chile er eit av dei mest stabile og velståande landa i Sør-Amerika, og leier latinamerikanske land i menneskeleg utvikling, konkurranseevne, inntekt per innbyggjar, globalisering, økonomisk fridom og låg oppfatting av korrupsjon. Sidan juli 2013 har Chile vore rekna av Verdsbanken som ein "høginntektsøkonomi", og dermed som eit utvikla land.
Chile har den høgaste graden av økonomisk fridom i Sør-Amerika (sjuandeplass på verdsbasis), på grunn av det uavhengige og effektive rettsvesenet sitt og forsvarleg offentleg finansforvalting. I mai 2010 blei Chile det første søramerikanske landet til å bli med i OECD. I 2006 var Chile landet med høgast nominell BNP per innbyggjar i Latin-Amerika, ein posisjon det har halde sidan.
Kopargruver utgjer 20 % av det BNP i Chile, og 60 % av eksporten. Kopargruva Escondida er den største i verda, og produserer over 5 % av dei globale forsyningane. Totalt produserer Chile ein tredel av koparen i verda. Codelco, det statlege gruveselskapet, konkurrerer med private.
Viktige eksportartiklar er kopar, frukt, fisk, papir, kjemikaliar og dessutan vin.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Mat og drikke
[endre | endre wikiteksten]Chilensk mat er ei blanding av urforlkstradisjonar og europeiske kolonibidrag.
Sidan 1970-talet har landet òg vore ein betydeleg vinprodusent.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «>Descargue aquí resultados de comunas – Censo 2017 – Todos Contamos» (på spansk). Censo 2017. Henta 19. juni 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Chile» frå Wikipedia på bokmål, den 24. april 2021.