Party av Iggy Pop
Party Studioalbum av Iggy Pop | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1981 | |
Innspelt | 1981 | |
Studio | Record Plant Studios i New York City i USA | |
Sjanger | ||
Lengd | 35:23 | |
Selskap | Arista | |
Produsent | ||
Iggy Pop-kronologi | ||
---|---|---|
Soldier (1980) |
Party | Zombie Birdhouse (1982) |
Singlar frå Party | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | C+[2] |
Party er det sjette studioalbum til Iggy Pop, gjeve ut i juni 1981. For dette albumet samarbeidde Iggy med Ivan Kral, som er mest kjend som gitarist og bassist for Patti Smith i 1970-åra. Albumet nådde 166. plass på albumlista i USA.
Då Arista høyrte albumet henta dei inn tidlegare Monkee-produsent Tommy Boyce for å mikse «Bang Bang» på ny. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 35. plass på klubb-lista til Billboard og vart seinare spelt inn av David Bowie. I følgje sjølvbiografien til Iggy Pop, I Need More, skreiv han «Bang Bang» fordi Arista Records ønskte ein singel og han lovde dei eit kommersielt album. Han ønskte seg opphavleg Phil Spector eller Mike Chapman til å produsere songen. Iggy hevda han fekk ideen til songen frå å lese All the Right Stuff på ein lokal bokhandel.
Party er det siste av tre Pop-album for Arista Records, etter New Values og Soldier. Party-turneen vart dokumentert på DVDen Live in San Francisco. Buddha Records gav i 2000 ut albumet på ny med to bonusspor.
Songen «Pumpin' for Jill» vart nytta i fjernsynsshowet Chuck i episoden «Chuck Versus the Ex».
Alle songar er skrivne av Iggy Pop og Ivan Král, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Pleasure» | 3:10 |
2. | «Rock and Roll Party» | 4:11 |
3. | «Eggs on Plate» | 3:41 |
4. | «Sincerity» | 2:38 |
5. | «Houston Is Hot Tonight» | 3:30 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Pumpin' for Jill» | 4:30 | |
2. | «Happy Man» | 2:19 | |
3. | «Bang Bang» | 4:08 | |
4. | «Sea of Love» | George Khoury, Phil Phillips | 3:49 |
5. | «Time Won't Let Me» | Tom King, Chet Kelly | 3:22 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «Speak to Me» | 2:39 | |
12. | «One for My Baby (and One More for the Road)» | Harold Arlen, Johnny Mercer | 4:05 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Iggy Pop – vokal
- Ivan Kral – gitar, klaverinstrument
- Rob Duprey – gitar
- Michael Page – bass
- Douglas Bowne – trommer
- Jimmy Whizner – arrangement på «Sea of Love», «Bang Bang», «Time Won't Let Me»
- The Uptown Horn – Blåsarar på «Pleasure», «Sincerity», «Houston Is Hot Tonight», «Happy Man»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Party (Iggy Pop album)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Deming, Mark. «Party – Iggy Pop | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 7. mai 2018.
- ↑ Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: Iggy Pop». robertchristgau.com. Henta 7. mai 2018.