New Values
New Values Studioalbum av Iggy Pop | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1979 | |
Innspelt | 1979 | |
Studio | Paramount Recording Studios i Hollywood i USA | |
Sjanger | ||
Lengd | 39:26 | |
Selskap | Arista | |
Produsent | James Williamson | |
Iggy Pop-kronologi | ||
---|---|---|
TV Eye Live 1977 (1978) |
New Values | Soldier (1980)
|
New Values er det fjerde studioalbumet til Iggy Pop og det første sidan The Stooges sitt Fun House og Kill City der David Bowie ikkje var involvert. Albumet kom ut i april 1979 og var det første albumet til Pop på Arista og det første samarbeidet til Pop og James Williamson sidan Kill City.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Albumet førte Pop og Williamson saman ned multi-instrumentalisten Scott Thurston att, som hadde spelt piano på konsertane til The Stooges på Metallic K.O. og på Kill City.
Innspeling og utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Williamson spelte gitar på «Don't Look Down», men Scott Thurston spelte gitar på resten av songane medan Williamson konsentrerte seg om produksjonen.[2] Ein av songane var skriven av Pop og Williamson, medan fem songar var skriven av Pop og Thurston.
New Values kom ut i april 1979 på selskapet Arista. Sjølv om det fekk god kritikk, selde dårleg og nådde berre 180. plassen på Billboard Top 200-lista.
Det vart laga videoar for «I'm Bored» og «Five Foot One».
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Chicago Tribune | [3] |
Christgau's Record Guide | B+[4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
Uncut | [6] |
New Values er nokså kritikarrost. Då albumet kom ut skreiv Paul Morley i NME at New Values «heilt klart syner Osterberg som tenkjaren og Iggy som artisten, og forholdet er både positivt og stolt.»[7]
Charlotte Robinson i PopMatters skreiv at albumet «balanserer forsiktig mellom det tøffe og vare, opprør og tilfredsstilling, oppriktigheit og humor, skråskikre rop og nyansert balldesynging ... det gjer albumet til ein vinnar».[8]
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]David Bowie spelte seinare inn songen «Don't Look Down» for albumet sitt Tonight (1984) og nytta denne som opning og avslutning for kortfilmen Jazzin' for Blue Jean.
Frontmannen i Pixies, Frank Black siterte New Values som eit av favorittalbuma hans.[9]
«The Endless Sea» vart spelt av det australske psykedelisk rockebandet The Church i 1999 på albumet A Box of Birds.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Tell Me a Story» | Iggy Pop | 2:50 |
2. | «New Values» | Pop, Scott Thurston | 2:39 |
3. | «Girls» | Pop | 3:00 |
4. | «I'm Bored» | Pop | 2:47 |
5. | «Don't Look Down» | Pop, James Williamson | 3:39 |
6. | «The Endless Sea» | Pop | 4:50 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Five Foot One» | Pop | 4:29 |
2. | «How Do Ya Fix a Broken Part» | Pop | 2:55 |
3. | «Angel» | Pop, Thurston | 3:44 |
4. | «Curiosity» | Pop, Thurston | 2:29 |
5. | «African Man» | Pop, Thurston | 3:35 |
6. | «Billy Is a Runaway» | Pop, Thurston | 2:31 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
13. | «Chains» (ikkje gjeven ut før) | ukjend | 2:40 |
14. | «Pretty Flamingo» | Pop | 2:53 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Iggy Pop – vokal
- Scott Thurston – gitar, harpe, klaverinstrument, synthesizer, vokal, blåsararrangement
- Klaus Krüger – trommer
- Jackie Clark – bass
- John Harden – blåsarar
- David Brock – strykarar, strykararrangement
- Earl Shackelford – korvokal
- The Alfono Sisters (Anna og Mary) – korvokal på «Don't Look Down» og «Angel»
- James Williamson – gitar, blåsar- og strykararrangement, produsent, miksing
- Teknisk
- Lloyd Malan – produsentassistent
- Peter Haden – lydteknikar, miksing
- Paul Henry – design og kunstnarisk leiar
- Trevor Rogers – fotografi
- Graphyk – grafikk
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «New Values» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Deming, Mark. «New Values – Iggy Pop». AllMusic. Henta 6. mai 2018.
- ↑ «Iggy-pop.com : Interviews.». Iggy-pop.com. Arkivert frå originalen 5. mars 2012. Henta 6. mai 2018.
- ↑ Kot, Greg (22. juli 1990). «Pop On Pop: Iggy Rates His Own Music (and So Do We)». Chicago Tribune. Henta 11. august 2016.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Iggy Pop: New Values». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the '70s. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 6. mai 2018.
- ↑ Coleman, Mark; Kemp, Rob (2004). «Iggy Pop». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 645–46. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ «Iggy Pop: New Values». Uncut (41): 96. October 2000.
- ↑ Morley, Paul (28. april 1979). «Iggy Pop: New Values (Arista)». New Musical Express. Henta 6. mai 2018.
- ↑ Robinson, Charlotte (5. februar 2003). «The Weird Trilogy: Iggy Pop's Arista Recordings». PopMatters. Henta 6. mai 2018.
- ↑ Wright, Mic (16. april 2012). «The Quietus | Features | Baker's Dozen | Number 13 Baby: Frank Black's Favourite Albums Revealed». The Quietus. Henta 6. mai 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- New Values på Discogs (liste over utgjevingar)