Paul Dirac
Nobelprisen i fysikk
1933
Paul Adrien Maurice Dirac (8. august 1902–20. oktober 1984) var ein britisk fysikar fødd i Bristol. Etter studium ved Saint John's College i Cambridge vart Dirac lucasiansk professor i matematikk ved Universitetet i Cambridge i 1932. Allereie medan han endå var student, såg han for seg ein særs elegant formalisme, som gav ei ny forklaring av kva kvantetilstandane i kvanteteorien eigenleg er, ved å identifisere dei med vektorar i eit Hilbertrom. Denne formalismen gjorde det mogleg å sameine dei to formuleringane av kvantemekanikken som fanst på dette tidspunktet, nemleg Schrödinger og de Broglies bølgjemekanikk og Heisenbergs matriseformulering.
Dirac er ein av grunnleggjarane av den relativistiske kvantemekanikken: Bølgjelikninga oppkalla etter Dirac, er den første formulering av kvanteteorien som er konsistent med relativitetsprinsippet. Med utgangspunkt i den relativistiske bølgjelikninga forutsa Dirac eksistensen av positronet, ein hypotese som seinare vart stadfesta ved oppdaginga av antimaterien.
Dirac bidrog òg til utarbeidinga av teorien for dei statistiske eigenskapane til kvantepartikler med halvtalig spinn, som vert kalla Fermi-Dirac-statistikk.
Dirac mottok saman med Erwin Schrödinger Nobelprisen i fysikk i 1933. Boka hans The Principles of Quantum mechanics (1930) er ei av dei mest grunnleggjande bøkene i kvanteteorien. Han døydde i Tallahassee i 1984.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Helge S. Kragh (1990). Dirac: a scientific biography. Cambridge University Press. s. 2.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Den elegante fysikken - estetikk og kvanter Kronikk om Dirac av Hans Herlof Grelland i Aftenposten 26. desember 2002
- Einskildmenn
- Fødde i 1902
- Døde i 1984
- Engelske fysikarar
- Britiske nobelprisvinnarar
- Partikkelfysikarar
- Nobelprisen i fysikk
- Engelske matematikarar
- Medlemmar av Royal Society
- Matematiske fysikarar
- Order of Merit
- Medlemmar av Det pavelege vitskapsakademiet
- Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet
- Kvantefysikarar
- Copleymedaljen
- Royal Medal
- Max Planck-medaljen