[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Pokémon Go

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'Pokémon Go'
Utviklar(ar)Niantic
Utgjevar(ar)Niantic
DistributørGoogle Play, App Store
Kreativt ansvarleg(e)Tatsuo Nomura
KunstnarDennis Hwang, Yūsuke Kozaki
Komponist(ar)Junichi Masuda
SeriePokémon
SpelmotorUnity
Siste versjon0.277.2, 0.277.2
Plattform(er)iOS, Android, Apple Watch
Utgjeving16. juli 2016 (Noreg)
SjangerUtvida røyndom
SpelemodusEnkeltspelar, fleirspelar
Nettstadhttps://pokemongolive.com
Del av serien Pokémon spin-off, Pokémon hovudserie, Pokémon⠀
Pokémon Go-spelarar i Espoo i Finland

Pokémon Go er eit dataspel utvikla og utgjeve av Niantic for iOS, Android og Apple Watch-einingar. Spelet bruker lokaliseringsfunksjonen i mobileininga til å plassere virtuelle figurar, kjend som pokémonar, på ulike stader i den verkelege verda. Spelarane bruker den mobile eininga til å lokalisere, fange, kjempe mot og trene opp pokémonane. Skapningane kjem fram på skjermen på mobileinigna, som om dei skulle vere på den same plassen som spelaren. Spelet lèt spelarane kjøpe ekstra utstyr i spelet mot pengar.

Pokémon Go kom først offisielt ut i Australia, New Zealand og Nord-Amerika 6. juli 2016. Spelet kom offisielt ut i Noreg 16. juli 2016, og var då tilgjengeleg i dei fleste landa i Europa.[1]

Pokémon Go vart etter lanseringa raskt eit globalt fenomen og ein av dei mest lønnsame mobilappane i 2016. Spelet har vorte lasta ned meir enn 500 millionar gonger. Pokémon Go har hausta ros for å fremje fysisk aktivitet og for å vere ein inkluderande sosial arena, men har også vore kontroversielt ved å vere årsak til ulukker og utvikle seg til ei offentleg plage enkelte stader.[2][3]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]