[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Svartfuru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svartfuru
Svartfuru
Svartfuru
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Svartfuru
Utbreiinga av Svartfuru
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Furufamilien Pinaceae
Slekt: Furuslekta Pinus
Underslekt: Pinus
Seksjon: Pinus
Art: Svartfuru P. nigra
Vitskapleg namn
Pinus nigra

Svartfuru (Pinus nigra) er ein art i furufamilien som er utbreidd i fjella i middelhavslanda.

Treet blir 25–45 m høgt med ein stammediameter på 100–180 cm. Stammen er rett, og borken er gråbrun og skjelete. Krona er uregelmessig eggforma og glissen lengst nede, men tettare lengre oppe. Nålene er mørkegrøne og sit parvis; dei er 8–15 cm lange. Konglene blir 5–10 cm lange og er eggforma og tilspissa.

Svartfuru er ein typisk supra- eller submediterran plante. Han veks lenger mot nord, eller høgare til fjells, der temperaturen blir for låg og nedbøren for høg til at den eigentlege middelhavsvegetasjonen kan veksa. Furua trivst best 800–1500 moh., men kan veksa både lågare og høgare. Ho er ikkje kresen på jordsmonnet og veks på kalkstein, dolomitt, sur jord og vulkansk jord.

Denne arten toler luftforureining betre enn andre furuer, og er derfor mykje planta både i Europa og USA. Ho finst også planta i Noreg.

Underartar

[endre | endre wikiteksten]

Det er skildra ei rekkje underartar av svartfuru, men ho er eigentleg ikkje meir variabel enn andre furuartar. Det er likevel naturleg å dela arten i fem underartar. Adriahavet og Podalen dannar eit gap mellom dei to viktigaste underartane på over 600 km, og svartfuru manglar i dei sørlege Alpane, sjølv om vekstforholda der burde vera gode. Følgjande inndeling følgjer The Gymnosperm Database.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]