Susanne Bratli
Susanne Bratli | |||
| |||
Fødd | 10. juni 1966 (58 år) Eskilstuna | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, offentleg tenestemann | ||
Utdanna ved | Handelshøyskolen BI Høgskolen i Nord-Trøndelag | ||
Verv | Ordførar i Overhalla 2003-2013 | ||
Føregangar | Frank Jensen | ||
Etterfylgjar | Jostein Hildrum | ||
Alle verv |
|
Susanne Bratli (fødd 10. juni 1966 i Eskilstuna i Sverige) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var ordførar i Overhalla kommune frå 1. mai til 1. november 2003, og fylkesråd 2003–2009. I 2009 vart ho vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke, og er medlem i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité.
Bratli flytta til Namsos knapt eitt år gamal, og voks opp der. Som 13-åring meldte ho seg inn i Namsos AUF. Ho budde i Overhalla frå 1988 til 2006, der ho var ordførar i 2003, og har også vore nestleiar i Nord-Trøndelag Arbeidarparti 1993–1995, og leiar der 1995–1997. Bratli er frå 2006 busett på Steinkjer saman med familien sin. Ho vart vald inn i fylkestinget i Nord-Trøndelag i 1995, og i perioden 2003–2007 var ho fylkesråd for samferdsle, næring og miljø. Frå 2007 til ho vart vald inn på Stortinget var ho fylkesråd med ansvar for regional utvikling, næring og internasjonale spørsmål.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2009–2013 – medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen
- 2009–2013 – medlem i Valkomiteen
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Susanne Bratli hos Stortinget
- Susanne Bratli hos TV 2
- Susanne Bratli Arkivert 2009-09-16 ved Wayback Machine. hos Namdalsavisa