Alf Egil Holmelid
Alf Egil Holmelid | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. desember 1947 (76 år) Fjaler kommune |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Sosialistisk Venstreparti |
Alf Egil Holmelid på Commons |
Alf Egil Holmelid (fødd 13. desember 1947 i Fjaler i Sogn og Fjordane) er ein norsk sivilingeniør og politikar frå Sosialistisk Venstreparti i Vest-Agder fylke.
Holmelid er forskingssjef ved Universitetet i Agder, der han sidan 1997 har vore tilknytt ingeniør- og økonomiutdanningane. Han har vore medlem av sentralstyret i SV i 10 år og medlem av bystyret i Kristiansand i 16 år. Dessutan er han medlem av Teknologirådet. Ved stortingsvalet 2009 vart Holmelid vald inn på utjamningsmandat for Vest-Agder. Han er medlem av næringskomiteen.
Alf Holmelid er utdanna sivilingeniør innan kybernetikk frå NTNU, med eksamen frå 1973. Han har vore forskingssjef ved forskingsavdelinga til Elkem på Fiskå i Kristiansand, der han arbeidde frå 1975 til 1997. Deretter vart han dekanus ved Fakultet for økonomi ved Høgskolen i Agder.