Summertime
«Summertime» er ein arie komponert av George Gershwin for operaen Porgy and Bess frå 1935. Teksten er skriven av DuBose Heyward, forfattaren av romanen Porgy som operaen er basert på. Songen er òg tilskriven Ira Gershwin av ASCAP.[1]
Songen vart raskt populær og er ein mykje innspelt jazzstandard, skildra som «utan tvil... ein av dei finaste songane komponisten nokon skreiv....Gershwin si stemningsfulle blanding av jazz og songstilar frå dei svarte i Sørstatane frå tidleg på 1900-talet.»[2] Teksten til Heyward for «Summertime» og «My Man's Gone Now» har vorte kalla «dei beste tekstane i musikalsk teater» av komponisten og tekstforfattaren Stephen Sondheim.[3]
Porgy and Bess
[endre | endre wikiteksten]Gershwin byrja å skrive songen i desember 1933, og prøvde å skape sin eigen negro spiritual i same stil som afroamerikanske folkemusikken frå perioden.[4][5] Den ukrainsk-kanadiske komponisten og songaren Alexis Kochan har foreslått at han baserte melodien på ei ukrainsk voggevise, «Oi Khodyt Son Kolo Vikon», («Ein draum passerer vindauget»), som han høyrde i New York City spelt av Oleksander Koshetz sitt det ukrainske nasjonalkoret i 1929.[6] Gershwin var ferdig med å sette diktet til DuBose Heyward til musikk i februar 1934, og brukte dei 20 neste månadane på å skrive ferdig partituret for orkester for operaen.[7]
Songen vart første gong innspelt av Abbie Mitchell den 19. juli 1935, med George Gershwin på piano og som dirigent av orkesteret (på George Gershwin Conducts Excerpts form Porgy & Bess, Mark 56 667). Songen er songen fleire gonger gjennom Porgy and Bess, først av Clara i Akt I som ei voggevise og sidan som eit kontrapunkt til terningspel-scenen i Akt II i ein reprise av Clara, og i Akt III av Bess, som syng til babyen til Clara.
Musikalsk analyse
[endre | endre wikiteksten]Musikkforskaren K. J. McElrath skreiv om songen:[7]
Gershwin var merkverdig suksessfull i forsøket på å få songen til å høyrast ut som ei folkevise. Dette vert forsterka ved at han brukte den pentatoniske skalaen (C-D-E-G-A) i a-moll og ein langsam harmonisk progresjon som indikerer ein «blues». På grunn av desse faktorane, har denne melodien vorte ein favoritt for jazzartistar i mange tiår og kan gjerast i mange forskjellige tempo og stilar.
Innspelte versjonar
[endre | endre wikiteksten]Det finst over 40 800 forskjellige innspelte versjonar av songen.[8] I september 1936 vart ei innspeling av Billie Holiday den første som gjekk inn på den nasjonale poplista med ein 12. plass om høgaste plassering.[7] Andre kjende innspelingar er av Louis Armstrong og Ella Fitzgerald i 1957, Gene Vincent i 1958, Sam Cooke og The Marcels i 1961 og Janis Joplin med Big Brother and the Holding Company på Cheap Thrills i 1968. Den mest kommersielt suksessrike versjonen var av Billy Stewart, som nådde 10. plass på singellista i USA i 1966. I 1998 spelte Morcheeba og Hubert Laws inn songen for Red Hot Organization si samleplate Red Hot + Rhapsody, ei hyllest til George Gershwin der inntektene gjekk til å auke viten om og kampen mot AIDS.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Summertime (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ "Summertime" at ASCAP, arkivert frå originalen 11. februar 2006, henta 8. februar 2011
- ↑ Skildring av songen av Robert Cummings på Allmusic.com
- ↑ A Century of Creativity: DuBose and Dorothy Heyward
- ↑ Howard Pollack, George Gershwin: his life and work, University of California Press, 2006, s.589
- ↑ William Hyland, George Gershwin: a new biography, Greenwood Publishing Group, 2003, s.171
- ↑ The Ukrainian Weekly, 24 May 1998, s.9
- ↑ 7,0 7,1 7,2 "Summertime" at JazzStandards.com
- ↑ Summertime Connection list
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songar frå 1935
- Voggeviser
- Billie Holiday-songar
- Ella Fitzgerald-songar
- Louis Armstrong-songar
- Nina Simone-songar
- George Gershwin-songar
- Jazzstandardar frå 1930-åra
- Janis Joplin-songar
- The Marcels-songar
- Gerry and the Pacemakers-songar
- Santo & Johnny-songar
- Connie Talbot-songar
- Big Brother and the Holding Company-songar