Storvassdammen
Utsjånad
Storvassdammen er ein steinfyllingsdam i Bykle kommune. Han har tetningskjerne av asfalt og demmer opp Storvatn-delen av Blåsjø mot søraust. Med eit volum på 9,7 mill. m³ er han den største fyllingsdammen i Noreg[1][2]. Over damkrona er han 1,4 km lang, og på det høgaste er han 90 meter høg. Den største breidda i botn er på 300 meter. Dammen var opphavleg planlagd med tetningskjerne av morene, men grunna 40 kilometers avstand til førekomsten ved Sandsavatnet blei han erstatta med ein kjerne av asfaltbetong. Denne er skråstilt, og smalnar i breidde frå 80 cm i botn til 50 cm på toppen. Sør for dammen ligg Storsteinen turistforeningshytter i ein smal korridor mellom Blåsjø og Svartevatn[3].
Bilde
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Blåsjø Noregs kraftstabbur». Henta 7. mars 2009.
- ↑ Ulla-Førre - statkraft.no (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 1. mars 2014, henta 26. mars 2012
- ↑ Storsteinen - ut.no