[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Stølsdal kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stølsdal kraftverk
PlasseringHjelmeland kommune i Rogaland fylke
Fallhøgde103 m
Installasjon17 MW
Årsproduksjon51 GWh
EigarStatkraft m.fl.
Drift1986
Kart
Stølsdal kraftverk
59°18′39″N 6°36′54″E / 59.31077°N 6.61508°E / 59.31077; 6.61508

Stølsdal kraftverk er eit vasskraftverk i Ulla-Førreanlegget i Hjelmeland kommune i Rogaland fylke. Kraftverket blei sett i drift i 1986.

Kraftverket har 17 MW installert effekt som kraftverk og 2x3 MW installert pumpekapasitet. Vatnet frå mellom anna Vassbottvatnet kan bli pumpa opp til det såkalla 600-metersnivået, der Sandsavatnet er hovudmagasin, og vidare nyttast i Kvilldal kraftverk. Pumpinga forbruker ca 7 GWh i året. Når verket blir drive som vanleg kraftverk, nyttar det eit fall på 103 meter frå Kvivatnet og Bjørndalsvatnet.

Vassbottvatnet blir brukt som reguleringsmasgasin for pumpestasjonen. Vatnet blir regulert mellom 475 og 470 moh.