[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Skjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjer i grunt vatn utanfor Krøttøya i Harstad kommune.

Eit skjer er ein bergrygg som stikk opp av vassflata. Ved flo sjø kan eit skjer gå under vatn. Eit skjer har ikkje landleg vegetasjon, berre stein. Lekamar som stikk opp av sjøen og som er store nok til at det kan veksa tre og buskar på dei, kallar ein holmar eller øyar. Eit skjer som sjeldan eller aldri bryt vassflata vert kalla eit undervasskjer eller ei flu.

Ein skjergard er ei samling av skjer, holmar og små øyar.