Sense of Doubt
Sense of Doubt Song av David Bowie frå albumet “Heroes” | ||
Utgjeve | 14. oktober 1977 | |
Innspelt | Juli–august 1977 | |
Sjanger | Ambient | |
Lengd | 3:57 | |
Selskap | RCA | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie, Tony Visconti |
«Sense of Doubt» er eit instrumentalt stykke skrive av David Bowie i 1977 for albumet “Heroes”. Det var den første av tre instrumentalar på side to av den originale vinylplata som glei over i kvarandre, før «Moss Garden» og «Neuköln».
Verket er omtalt som «storarta» og «grundig fryktinngytande»,[1][2] og er eit av dei mørkare spora på albumet, med eit fallande fire notar langt pianomotiv ved sidan av «ei skummel synthlinje som henta frå ein lydbit frå ein stumfilm frå ekspresjonisttida».[1] Brian Eno sa at dei kontrasterande temaa var resultatet av at han og Bowie kvar følgde eit Oblique Strategies-kort for å rettleie dei i innspelinga. Eno sitt instruerte han til å «gjere alt så likt som mogeleg» og Bowie sitt var å «understreke skilnader».[3]
«Sense of Doubt» vart framført på det italienske TV-programmet L’altra domenica i 1977 og gjennom “Heroes”-turneen i 1978.[4]
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]- Framføringar frå “Heroes”-turneen i 1978 er komne ut på Stage (1978) og Welcome to the Blackout (2018).
Andre utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Han kom ut som B-sida til singelen «Beauty and the Beast» i januar 1978, ei samansetting som NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray meinte «må vere moro på jukeboksane på pubane».[2]
- Ei biletplate kom ut i RCA Life Time-serien.
- Songen er nytta i Christiane F. og det tilhøyrande albumet.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Philip Glass – “Heroes” Symphony (1996)
- Steve Adey spelte songen på albumet Do Me a Kindness frå 2017.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sense of Doubt» frå Wikipedia på engelsk, den 19. august 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: p.324
- ↑ 2,0 2,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.92-94
- ↑ NME interview (1977) cited at Bowie: Golden Years. Henta 20. mai 2007. Arkivert 1. mai 2007 ved Wayback Machine.
- ↑ Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.183