[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ambient

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ambient musikk)

Ambient er ein sjanger innan elektronisk musikk som vektlegg tone og atmosfæra framfor tradisjonell musikalsk struktur og rytme. Ambient musikk er ein form for instrumentalmusikk som ikkje treng ha ein fast komposisjon, takt eller strukturert melodi.[5] Han nyttar teksturerte lag av lyd som ein kan lytta til både aktivt og passivt,[6] og som kan oppmuntra til ei kjensle av ro og kontemplasjon.[7][8] Natur-lydlandskap kan vera del av lydbildet, og lydane til akustiske instrument som piano, strykeinstrument og fløyte kan gjenskapast med synthesizer.[9]

Musikksjangeren har opphav frå Storbritannia og stammar frå experimental og synthesizer-orientert musikk frå 1970-talet.[10] I tillegg hadde dance og techno-musikk mykje å seie for sjangeren, og var påverka av Kraftwerk og Klaus Schulze. Basil Kirchin og Brian Eno er rekna som dei viktigaste grunnleggjarane av ambient.[11][12][13] Konseptet med bakgrunns- eller interiørmusikk hadde allereie eksistert ei stund før, men både Kirchin og Eno skapte ambient ved å fusjonere delar av environmental-musikk med elektronika. Lydbildet til ambient blei i tillegg påverka delvis av space rock og krautrock.

  1. 1,0 1,1 Drone is now classified as a subgenre of ambient music, but early drone music influenced the origin of ambient. See the other note from Cambridge History of Twentieth-Century Music (Cook & Pople 2004, p. 502), and the note from Four Musical Minimalists (Potter 2002, p. 91).
  2. Holmes, Thom (2008). Electronic and Experimental Music: Technology, Music, and Culture. Routledge. s. 403. ISBN 978-0203929599. Henta 1 April 2013. 
  3. Q&A with Isao Tomita Arkivert 2017-04-24 ved Wayback Machine., Tokyo Weekender
  4. Isao Tomita, an Early Major Japanese Electronic Composer, Is Dead Arkivert 2017-04-24 ved Wayback Machine., Vice
  5. The Ambient Century by Mark Prendergast, Bloomsbury, London, 2003.
  6. Elevator Music: A Surreal History of Muzak, Easy Listening & Other Moodsong by Joseph Lanza, Quartet, London, 1995.
  7. Crossfade: A Big Chill Anthology, Serpents Tail, London, 2004.
  8. «Ambient music - Definition of ambient by Dictionary.com». Dictionary.com. Arkivert frå originalen 12. februar 2018. 
  9. «Ambient – Definition of ambient by Cambridge Dictionary». dictionary.cambridge.org. Arkivert frå originalen 12. februar 2018. 
  10. [1]
  11. Basil Kirchin Obituary, The Times. 1. Aug 2005 side 43
  12. [2]
  13. arkivkopi, arkivert frå originalen 14. november 2011, henta 8. august 2012