Saint-John Perse
Saint-John Perse | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 31. mai 1887 Pointe-à-Pitre |
Død |
20. september 1975 (88 år) |
Yrke | lyrikar, omsetjar, diplomat, skribent |
Språk | fransk |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences, Bayerische Akademie der Schönen Künste |
Mor | Renée Dormoy-Léger |
Ektefelle | Dorothy Russel |
Saint-John Perse på Commons |
Saint-John Perse (fødd Alexis Leger, 31. mai 1887–20. september 1975) var ein fransk lyrikar og diplomat som i 1960 fekk Nobelprisen i litteratur «för den höga flykten och den bildskapande fantasien i hans diktning, som visionärt avspeglar tidsläget.»[1][2]
Liv
[endre | endre wikiteksten]Saint-John Perse vart fødd som Alexis Leger i Pointe-à-Pitre på Guadeloupe og voks opp på dei franske Antillane. Familien reiste attende til Frankrike i 1899 og han studerte jus og statsvitskap ved universiteta i Bordeaux og Paris.
I 1914 gjekk han inn i diplomatiet og var stasjonert og på reise i Beijing, Korea, Mongolia og Japan. Etter den første verdskrigen vart han rådgjevar for den franske utanriksministeren, Aristide Briand. I 1929 blei han utnemnd til Directeur des Affaires politiques i Utanriksdepartementet og i 1933 følgde han etter sin mangeårige velgjerar og ven Philippe Berthelot som generalsekretær i Utanriksdepartementet.
På grunn av ei avvisande haldning til Vichy-regimet sin ettergjevande politikk («appeasement») overfor det nasjonalsosialistiske Tyskland blei Alexis Leger avsett frå sine embete i 1940. Han mista den franske statsborgarskapen og heile formua blei konfiskert. Han emigrerte til USA der han arbeidde som rådgjevar for Library of Congress. Etter den andre verdskrigen blei han rehabilitert i Frankrike, trass det fortsette han å bu i USA og kom først attende til Frankrike i 1957 – då som diktaren Saint-John Perse.
Nokre månader før han døydde donerte han biblioteket sitt, manuskript og private notatar til Fondation Saint-John Perse, eit forskingssenter via livet og verket hans som er plassert i Cité du Livre i den sørfranske byen Aix-en-Provence.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Forfattarskapen til Perse står i tradisjonen til Arthur Rimbaud. I boka Die Struktur der modernen Lyrik karakteriserte Hugo Friedrich Perse som ein særleg radikal representant for den moderne lyrikken. Tekstane til Perse er i høg grad kjenneteikna ei kjensle av å vere kløyvd og tap av einskap, medviten rådløyse, forvirring og tvil for lesaren.
Originalutgåver
[endre | endre wikiteksten]- Éloges (1911) («Hyllingar»)
- Anabase (1924) («Anabasis»)
- Exil (1942)
- Poème à l'étrangère (1943) (om lag «Dikta til den framande»)
- Pluies (1944) («Regn»)
- Neiges (1944) («Snø»)
- Vents (1946) («Vindar»)
- Amers (1956) («Fyrlykter»)
- Chronique (1960) («Krønike»)
- Oiseaux (Au vent d'Arles 1962) («Fuglar»)
- Pour Dante (1965) («Til Dante»)
- Chant pour un équinoxe (1971) («Song under ei solformørking»)
- Nocturne (1973) («Nattmusikk»)
- Sécheresse (1974) («Tørke»)
- Œuvres complètes, (samla dikt; Bibliothèque de la Pléiade, 1972).
Saint-John Perse på norsk
[endre | endre wikiteksten]- Hallvard H. Ystad og Gro Bjørnerud Mo, Anabasis / Eksil (2003).
- Sigmund Skard Franske dikt : Villon - Hugo - Baudelaire - Claudel - Saint-John Perse (1967)
- Emil Boyson omsette nokre av dei tidlege dikta til Perse.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Erik Lindegren, innleiing til Jord Vindar Hav, Bonniers, Stockholm, 1956.
- Bengt Holmqvist, Den moderna litteraturen, Bonniers, Stockholm, 1966.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "for the soaring flight and the evocative imagery of his poetry which in a visionary fashion reflects the conditions of our time"
- ↑ Nobletildelinga 1950 på nobelprize.org
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Verk av og om Saint-John Perse i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Nobletildelinga 1950 på nobelprize.org
- Fondation Saint-John Perse (Aix-en-Provence)
- Association des Amis de la Fondation Saint-John Perse Arkivert 2016-03-12 ved Wayback Machine.