Imre Kertész
Imre Kertész | |
Statsborgarskap | Ungarn |
Fødd | 9. november 1929 Budapest |
Død |
31. mars 2016 (86 år) |
Yrke | skribent, omsetjar, romanforfattar, journalist, manusforfattar |
Språk | ungarsk |
Medlem av | Akademie der Künste Berlin, Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung, Széchenyi Academy of Literature and Arts |
Ektefelle | Albina Vas, Magda Ambrus |
Imre Kertész på Commons |
Imre Kertész[a] (fødd 9. november 1929 i Budapest, død 31. mars 2016) var ein ungarsk forfattar og omsettar av tysk litteratur. Han vann Nobelprisen i litteratur i 2002 for «ett författarskap som hävdar den enskildes bräckliga erfarenhet mot historiens barbariska godtycke.»
Liv
[endre | endre wikiteksten]Imre Kertész var fødd inn i ein småborgarleg familie i Budapest. Grunna det jødiske opphavet blei han i 1944 deportert over Auschwitz til Buchenwald og KZ-Außenlager Wille i nærleiken av Zeitz, der han måtte arbeide i eit anlegg som gjorde kol om til flytande hydrokarbon. 11. april 1945 blei leiren frigjord og han vende tilbake til Budapest.[1] Dette eittårige opphaldet prega han sidan, og er omhandla i debutromanen Sorstalanság (1975, Uten skjebne, 2002) som han gjorde ferdig i 1973.
Etter examen artium i 1948 arbeidde Kertész som journalist i dagsavisa Világosság, men måtte slutte i 1951 da ho blei gjort til partiorgan for dei kommunistiske makthavarane.
I åra 1951–1953 gjorde han militærteneste og busette seg deretter i Budapest att for å arbeide som forfattar og omsettar. Det kommunistiske diktaturet avgrensa fridomen hans som forfattar, særleg etter Oppstanden i Ungarn i 1956, så i desse åra tente han til livsopphald ved å skrive tekstar til musikalar og små teaterstykke. På denne tida omsette Kertész òg mykje, blant anna verk av Friedrich Nietzsche, Hugo von Hofmannsthal, Arthur Schnitzler, Sigmund Freud, Joseph Roth, Ludwig Wittgenstein og Elias Canetti, og alle desse kom til å prege hans eigen forfattarskap.
I 1960 starta Kertész opp det 13 år lange arbeidet med romanen Uten skjebne, i dag rekna som eit av dei viktigaste verka om holocaust. Dei fleste av bøkene hans har sjølvbiografiske trekk.
Imre Kertész budde i Berlin frå 2000.[2] Han kom med mange kritiske ytringar om utviklinga i Ungarn.[3]
Han døydde i Budapest.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Sorstalanság (1975)
- A nyomkereső (1977)
- Detektívtörténet (1977)
- A kudarc (1988)
- Kaddis a meg nem született gyermekért (1990)
- Az angol lobogó (elbeszélés, 1991)
- Gályanapló (1992)
- Jegyzőkönyv (1993)
- A holocaust mint kultúra (esszé, 1993)
- Valaki más: a változás krónikája (1997)
- A gondolatnyi csend, amíg a kivégzőosztag újratölt (1998)
- A száműzött nyelv (2001)
- Felszámolás (2003)
- K. dosszié (2006)
Bøker omsett til norsk
[endre | endre wikiteksten]- Kaddisj for et ikke født barn, 2001
- Uten skjebne, 2002. Pax, omsett av Kari Kemény, ISBN 9788253025001 (8253025009)
- Fiasko, 2005
- Likvidasjon, 2006
- K. mappe, 2008
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Uttalt (ˈimrɛ ˈkɛrtes
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Imre Kertész: K. dosszié., omsett til tysk av Kristin Schwamm: Dossier K.: eine Ermittlung. Rowohlt, Reinbek bei Hamburg 2006, ISBN 3-498-03530-4. s. 96–97.
- ↑ Imre Kertész: Dossier K.: eine Ermittlung, s. 258.
- ↑ «Ich schreibe keine Holocaust-Literatur, ich schreibe Romane» I Die Welt online, 7. november 2009, henta 13. januar 2012.