[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Smalkjempe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smalkjempe
Smalkjempe
Smalkjempe
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Kjempefamilien Plantaginaceae
Slekt: Kjempeslekta Plantago
Art: Smalkjempe P. lanceolata
Vitskapleg namn
Plantago lanceolata

Smalkjempe (Plantago lanceolata) er ein fleirårig plante i kjempeslekta som har ei sirkumpolar utbreiing .

Planta er om lag 25 cm høg med opprette blad, oftast med lange granne hår. Blada, som er lansettforma, er samla i ein rosett. Stenglane er lodne og femkanta. Akset er avlangt, stundom mest kulerundt. Smalkjempe har gulbrune kronbladflikar og gulkvite mjølknappar. Kapselen har eitt eller to frø, som er rifla på innsida. Planten blømer kring mai. Ha veks på enger, bakkar og turt lende.

I Noreg er smalkjempe heimleg eller komen inn med tidleg jordbruk. Han veks nord til Troms, og er funnen opp til 1000 m høgde i Hol.[1]

  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 951. 

  • Svensk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]