Nagorno-Karabakh-krigen
Nagorno-Karabakh-krigen | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||||
Partar | |||||||||
Nagorno-Karabakh Armenia Støtta av: |
Aserbajdsjan
Støtta av: | ||||||||
Kommandantar | |||||||||
Samvel Babayan Monte Melkonian † Hamayak Haroyan Vazgen Sargsyan Arkady Ter-Tadevosyan |
Isgandar Hamidov Surat Huseynov Rahim Gaziyev Shamil Basayev[2] Gulbuddin Hekmatyar[1] | ||||||||
Styrkar | |||||||||
20 000 (NK-styrkar, inkludert 8 000 frå Armenia) 20 000 (armenske soldatar)[3] |
42 000 (36 000 i hæren, 1 600 i luftforsvaret) [3]
1500–2500 afghanske og tsjetsjenske soldatar[1] | ||||||||
Tap | |||||||||
Døde: 4 592[4] Skadde: 25 000 Sakna 196 [4] |
Døde: 25 000[5][6]-30 000[4] Skadde: 60 000[6] Sakna: 4 210[7] | ||||||||
Sivile drepne:
Sivile sakna: |
Nagorno-Karabakh-krigen var ein krig som fann stad frå 1988 til 1994 i den vesle enklaven Nagorno-Karabakh i det sørvestlege Aserbajdsjan. Partane i konflikten var etniske armenarar i Nagorno-Karabakh, støtta av Armenia, og Aserbajdsjan, støtta av mujahedin frå Tsjetsjenia og Afghanistan.[1] I 1988 erklærte det nyleg oppretta parlamentet i enklaven at dei ønskte å slutte seg til Armenia. Avgjersla vart boikotta og fordømd av den aserbajdsjanske folkesetnaden i enklaven, og ei folkeavstemming vart halden der majoriteten stemde for sjølvstende. Dette førte til auke valdshandlingar mellom dei etniske gruppene, der begge sider skulda den andre for å drive med etnisk reinsing.
Når Aserbajdsjan erklærte seg sjølvstendig frå Sovjetunionen, erklærte landet at Nagorno-Karabakh ikkje skulle få halde det sjølvstyret dei hadde hatt under sovjetisk styre. Dette førte til krigsutbrotet vinteren 1991. Våren 1992 okkuperte Armenia den såkalla Lachin-korridoren, landområdet som ligg mellom Nagorno-Karabakh og Armenia. Aserbajdsjan nytta seg av bølgjer av soldatar, og hadde forholdsvis store menneskelege tap. Menn helt ned i 16-årsalderen, fullstendig utan militær erfaring, vart kalla inn til militærteneste. Internasjonale initiativ feila i løyse konflikten på ein måte som begge parter kunne godta. Våren 1993 gjennomførte Armenia eit åtak på Nakhitsjevan, noko som førte til at Tyrkia truga med å blande seg inn. Russland stilte derfor opp styrkar langs den armenske grensa til Tyrkia, og sørgde på den måten for at Tyrkia ikkje gjekk inn i krigen. Når armenske styrkar erobra landområde langs den offisielle grensa mellom Aserbajdsjan og Iran, gjennomførte Iran ei åtvarande mobilisering. Trass i potensiell risiko, eskalerte krigen aldri til å bli ein storstilt regional konflikt, og ingen land intervenerte på vegner av nokre av partane mot den andre. I slutten av 1994 kontrollerte armenarane nesten heile enklaven og 9 prosent av ytterleg aserbajdsjansk territorium. Mot slutten av krigen vart det gjort opprør i Aserbajdsjan mot president Abülfaz Elçibay, og tropper vart fjerna frå frontlinja for å delta i kampane. Ofte førte dette til at armenarane kunne erobre heile byar utan å avløyse eit einaste skot. Den aserbajdsjanske presidenten vart til slutt styrta, og det nye regimet gjekk med på å forhandle om ein våpenkvile.
Så mange som 230 000 armenarar frå Aserbajdsjan og 800 000 aserbajdsjanarar frå Armenia og Karabakh vart forflytta som følgje av krigen. Russland framforhandla ein våpenkvile i mai 1994, og sidan då har det pågått stadige fredsforhandlingar som ikkje har lukkast. Aserbajdsjanske trugslar om å gjenerobre enklaven, samt trefningar langs fronten har medverka til å gjere konflikten til eit potensielt risikofelt for ein regional konflikt. Så seint som i 2012 var det fleire mindre grensetrefningar mellom partane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nagorno-Karabakh-krigen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. april 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Taarnby, Michael. "The Mujaheddin in Nagorno-Karabakh: A Case Study in the Evolution of Global Jihad." Real Institute Elcano. 5 September 2008.
- ↑ Griffin, Nicholas (2004). Caucasus: A Journey to the Land Between Christianity and Islam. Chicago: University of Chicago Press. s. 185–186. ISBN 0-226-30859-6.
- ↑ 3,0 3,1 Levon Chorbajian, Patrick Donabédian, Claude Mutafian The Caucasian knot: the history & geopolitics of Nagorno-Karabagh. Zed Books, 1994, p. 14. ISBN 978-1-85649-288-1.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 Melik-Shahnazarov, Arsen. Нагорный Карабах: факты против лжи.
- ↑ "Winds of Change in Nagorno Karabakh Arkivert 2011-12-06 ved Wayback Machine.." Euronews. 28 November 2009.
- ↑ 6,0 6,1 De Waal, Thomas (2003). Black Garden: Armenia and Azerbaijan Through Peace and War. New York: New York University Press. s. passim. ISBN 0-8147-1945-7.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 Ohanyan, Karine; Zarema Velikhanova (12 May 2004). «Investigation: Karabakh: Missing in Action – Alive or Dead?». Institute for War and Peace Reporting. Arkivert frå originalen 3. november 2010. Henta 13. april 2012.