Minaret
Utsjånad
Minaretar (arabisk minara, urdu minra) er arkitektonisk særprega byggverk tilknytt muslimske moskear. Minaretar er som regel høge og grasiøse spir, ofte med løkforma kroner, vanlegvis frittståande eller markant høgare enn bygningane rundt.
Minaretane sin viktigaste funksjon i nyare tid er å vera eit høgt punkt der muaddhinen kan kalla dei truande til bøn. I mange moderne moskear vert bønekallet, adhan, ropt ut med mikrofonar i staden, og minareten er såleis gjerne mest eit dekorativt element.
Minaretar har vorte skildra som ein port mellom himmel og jord, og vert i blant samanlikna med den arabiske bokstaven alif, som er ei rett line.
-
Minaret i El Abidine-moskeen i Kartago i Tunisia.
-
Minaretar ved Kocatepe-moskeen i Ankara.
-
Opplyst minaret i Barisal i Bangladesh.