[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Mamady Doumbouya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mamady Doumbouya

Fødd4. mars 1980 (44 år)
Kankan
Statsborgar avGuinea
Yrkemilitær
Utdanna vedÉcole de guerre
MorHadja Mandioula Sylla
FarKarifala Doumbouya
EktefelleLauriane Darboux
BarnLansana Doumbouya
MedlemFramandlegionen
Alle verv
  • styreleiar (National Committee of Rassemblement and Development, 2021–)
  • Guineas president (2021–) Sjå dette på Wikidata

Mamady Doumbouya (fødd 4. mars 1980) er ein guineansk militær offiser som sidan 1. oktober 2021 har vore fungerande president i Guinea. Doumbouya stod i spissen for eit statskupp 5. september 2021 der landets president Alpha Condé blei avsett og arrestert. Han tilhøyrer spesialstyrkane i Guinea og er tidlegare fransk legionær. Etter statskuppet kunngjorde Doumbouya i statlege media at regjeringa var oppløyst. Den 1. oktober blei han tatt i eid som fungerande president.[1]

Doumbouya var korporal i den franske framandlegionen før han kom tilbake til Guinea og blei leiar for spesialstyrkane i landet, ei eliteavdeling som blei starta av dåverande president Condé. Etter kvart steig han i gradene og blei oberst i 2020.[2][3]

Statskuppet i 2021

[endre | endre wikiteksten]

Doumbouya var hovudpersonen bak statskuppet i september 2021 der den guineanske presidenten Alpha Condé blei avsett.[4] Han stod etter kuppet fram på statleg TV og kunngjorde at hans gruppe hadde sett til side regjeringa og grunnlova.[5] For å rettferdiggjere kuppet siterte han den tidlegare ghanesiske presidenten Jerry Rawlings som hadde uttalt at: «Om folket blir halde nede av sin elite, så er det dei militære si oppgåve å gje folket sin fridom.»[6]

Den 1. oktober 2021 blei Doumbouya tatt i eid som fungerande president i Mohammed V-palasset i Conakry.[7] Han la fram planar om å «atterreise staten» og gjennomføre «frie, pålitelege og gjennomsiktige» val. Han lova også å respektere nasjonale og internasjonale avtalar som landet hadde inngått.[8]

Doumbouya er gift med Lauriane Doumbouya som tenestegjer i det franske Gendarmerie nationale.[9] Paret har tre barn.