[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Alpha Condé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alpha Condé

Fødd4. mars 1938 (86 år)
Boké
Statsborgar avGuinea
Yrkepolitikar, skribent
InstitusjonarUniversitetet i Paris
Utdanna vedUniversité Panthéon-Sorbonne
Russlands folkevennskapsuniversitet
EktefelleDjené Kaba Condé
Alle verv
  • Den afrikanske unions formann (2017–2018)
  • president (Rassemblement du peuple de Guinée, 1977–)
  • Guineas president (2010–2021) Sjå dette på Wikidata

Alpha Condé (fødd 4. mars 1938 i Boké i Guinée maritime) er ein guineansk politikar for Rassemblement du Peuple Guinéen som var president i Guinea frå desember 2010 til han blei styrta i eit statskupp i september 2021.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Alpha Condé blei fødd i den franske kolonien Guinea av foreldre frå Øvre Volta (noverande Burkina Faso). Han flytta til Frankrike då han var femten år. Der var han ifølgje tilhengjarane sine aktiv i Den nasjonale unionen for høgare utdanning (SNESUP), Foreininga for guineanske studentar i Frankrike (AEGF), og Føderasjonen for svarte afrikanske studentar i Frankrike (FEANF). Han har hevda å ha vore eksekutivkoordinator for Afrikanske nasjonale grupper (NG) frå 1967 til 1975, med ansvar for oppsynet med direktoratet til FEANF.[1]

Condé hevda å ha skrive ei masteroppgåve i politologi, Le P.D.G. et le peuple de Guinée, i 1965.[2]

Politisk virke

[endre | endre wikiteksten]

I fleire tiår var Condé i opposisjon til dei vekslande regima i landet. Han stilte til val mot sitjande president Lansana Conté i presidentvala i 1993 og 1998.

I presidentvalet i Guinea i 2010 blei Condé vald til president i andre valomgang.[3]

Condé blei attvald i 2015 med 57,85 prosent av røystene, mot 31,44 prosent for rivalen Cellou Dalein Diallo.[4] Han gjekk då inn i sin andre presidentperiode, som var det grunnlova maksimalt tillet.

I mars 2020 blei det halde ei folkeavrøysting om grunnlovsendringar der endring av presidentperioden frå fem til seks år var blant forslaga, saman med nullstilling av avgrensinga på to samanhengjande presidentperiodar.[5] 89,76 prosent av veljarane støtta grunnlovsendringane.[6] Opposisjonen boikotta folkeavrøystinga. Det blei halde presidentval 18. oktober 2020, der Condé stilte på nytt. Han vann valet med 59,5 prosent av røystene og fekk dimed ein tredje presidentperiode.[7] Motkandidaten Cellou Dalein Diallo, som fekk 33,5 prosent av røystene, hevda valet var prega av valfusk. Det var uro med tap av menneskeliv i samband med presidentvalet.[7]

Den 5. september 2021 gjennomførte militæret eit statskupp mot styresmaktene i Guinea.[8][9] Båe president Condé og statsminister Ibrahima Kassory Fofana blei avsette.[10] Condé blei også fengsla.[11] Leiaren for kuppet, oberstløytnant Mamady Doumbouya, blei tatt i eid som fungerande president 1. oktober 2021.[12]

Den 9. desember 2022 publiserte det amerikanske finansdepartementet ei liste over meir enn førti personar som er målretta for sanksjonar for korrupsjonshandlingar og brot på menneskerettane, blant dei Alpha Condé.[13]

  1. «President of Guinea - Alpha Condé». Guinée Ministère de la justice (på fransk). Arkivert frå originalen 15. oktober 2021. Henta 15. september 2021. 
  2. Le P.D.G. et le peuple de Guinée. OCLC 26537950. 
  3. Samb, Saliou (15. november 2010). «Alpha Conde wins Guinea vote». Reuters. Henta 31. juli 2015. 
  4. «IFES Election Guide | Elections: Guinea President 2015». www.electionguide.org. Henta 25. oktober 2020. 
  5. «Guinea votes on law that could let president stay on for 12 more years». The Guardian (på engelsk). 22. mars 2020. ISSN 0261-3077. Henta 25. oktober 2020. 
  6. Konstitusjonsdomstolens beslutning (PDF), 3. april 2020, arkivert frå originalen (PDF) 13. september 2020 
  7. 7,0 7,1 «Guinea elections: Alpha Condé wins third term amid violent protests». BBC News (på engelsk). 24. oktober 2020. Henta 25. oktober 2020. 
  8. «Guinée : tentative de coup d’État en cours à Conakry». Jeune Afrique (på fransk). 5. september 2021. Henta 5. september 2021. 
  9. «Elite Guinea army unit says it has toppled president». Reuters. 6. september 2021. Arkivert frå originalen 5. september 2021. 
  10. Bah, Youssouf; Paquette, Danielle (5. september 2021). «Guinea's president is detained in apparent military takeover». The Washington Post. Henta 5. september 2021. 
  11. «Guinea's junta says ousted leader Alpha Condé has returned home». RFI (på engelsk). 30. november 2021. Henta 2. desember 2021. 
  12. «Guinea coup leader Mamady Doumbouya sworn in as interim president». Al Jazeera. 1. oktober 2021. 
  13. «Mali – Guinée : Alpha Condé et Karim Keïta sous sanctions des États-Unis». Jeune Afrique (på fransk). 9. desember 2022. Henta 29. juli 2023.