Mount Hope i Eternity Range
- Denne artikkelen handlar om fjellet i Palmer Land. For fjellet i Ross Dependency, sjå Mount Hope i Ross Dependency.
Mount Hope | |||
fjell | |||
Sørsida av Mount Hope - sett på skrått frå aust.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Eternity Range | ||
Topp | Palmer Land | ||
• høgd | 3 239 moh. [1] | ||
- koordinatar | 69°46′S 64°34′W / 69.767°S 64.567°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Hope i Eternity Range 69°45′35″S 64°33′19″W / 69.759722222222°S 64.555277777778°W | |||
Wikimedia Commons: Mount Hope (Eternity Range) |
Mount Hope er eit massivt fjell med ei høgd på 3239 meter over havet og er det sentrale og høgaste fjellet i Eternity Range, nord i Palmer Land. Det vart først sett frå lufta og namngjeve Mount Hope avLincoln Ellsworth under flyturen hans den 21. og 23. november 1935. Dette fjellet er eit av tre fjell i Eternity Range som Ellswort kalla opp etter «tru, håp og kjærleik» (Faith, Hope ogCharity).[2]
Året etter vart fjellet kartlagd og gjeve namnet Mount Wakefield av J.R. Rymill frå British Graham Land Expedition (BGLE) i november 1936. Fjellet vart så fotografert frå lufta av United States Antarctic Service (USAS) i september 1940, og av Ronne Antarctic Research Expedition (RARE) i desember 1947. Etter nøye studiar av rapportar, kart og bilete frå desse ekspedisjonane, i tillegg til meir landmåling av området av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960, vart konklusjonen at Ellsworth sitt Mount Hope og Rymill sitt Mount Wakefield er dei same. Mount Hope vart derfor det gjeldande namnet, medan Wakefield vart flytta til Wakefield Highland like mot nordvest.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ New satellite imagery reveals new highest Antarctic Peninsula Mountain British Antarctic Survey, 11. desember 2017
- ↑ 2,0 2,1 «Hope, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 13 March 2013.
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Hope i Eternity Range» (innhald frå Geographic Names Information System).