Lincoln Ellsworth
Lincoln Ellsworth | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 12. mai 1880 Chicago |
Død |
26. mai 1951 (71 år) |
Yrke | oppdagar, ingeniør, flygar |
Språk | engelsk |
Far | James Ellsworth |
Lincoln Ellsworth på Commons |
Lincoln Ellsworth (fødd 12. mai 1880 i Chicago, død 26. mai 1951) var ein amerikansk oppdagar.
Han var son av James Ellsworth og Eva Frances Butler, fødd i Chicago i Illinois.
Far til Lincoln Ellsworth, James, var ein velståande kolgruveeigar som donerte 100 000 dollar for å finansiere Roald Amundsen-ekspedisjonen til Nordpolen i 1925 med flygemaskinane «N–24» og «N–25».
Ellsworth deltok som navigatør på «N–24» der Leif Ragnar Dietrichson var flygar og Oskar Omdal mekanikar, medan Hjalmar Riiser-Larsen var flygar, Roald Amundsen sin navigatør, og Karl Feucht mekanikar på «N–25». Dei to luftskipa starta frå Ny-Ålesund på Svalbard den 21. mai 1925. Dei landa på 87° 44' nord, men hadde store vanskar med å kome i lufta igjen. «N–24» var skadd og måtte etterlatast. Først 15. juni hadde dei fått laga ein provisorisk startbane på 500 meter på isen der dei makta å ta av med «N–25» og kome velberga tilbake til Spitsbergen.
Saman med Amundsen er Ellsworth og mannskapet ombord i luftskipet «Norge» blitt kreditert for å ha vore dei første til å oppdage Nordpolen frå lufta under ei flyging frå Ny-Ålesund på Spitsbergen til Alaska i mai 1926.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lincoln Ellsworth» frå Wikipedia på bokmål, den 2. januar 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Tor Bomann-Larsen (2003). Roald Amundsen ein biografi. Oslo. ISBN 82-02-22519-1.
- Einar-Arne Drivenes og Harald Dag Jølle, red. (2004). Norsk Polarhistorie. Gyldendal. ISBN 82-05-32654-1.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lincoln Ellsworth ved south-pole.com (en)