Lilleby haldeplass
Utsjånad
Lilleby haldeplass er ein jernbanehaldeplass på Meråkerbanen. Lilleby ligg i bydelen Lademoen på Trondheims austkant. Haldeplassen opna i 1967, og er betjent av Norges Statsbaners lokaltog. Haldeplassen har berre éi plattform og eit leskur.
Ved opninga tok haldeplassen over namnet etter Lademoen stoppestad, som vart lagt ned samstundes. I 2006 vart den døypt om til Lilleby, då Lademoen (nokre hundre meter nærare Trondheim) vart opna på nytt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Thor Bjerke (red.) m.fl. Banedata '94. Norsk Jernbaneklubb 1994. ISBN 82-90286-15-5
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jernbaneverket si informasjonsside om Lilleby
- Stasjonsoversikta til NSB
- Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb: Meråkerbanen
Førre stasjon | Jernbaneverket | Neste stasjon | ||
---|---|---|---|---|
Meråkerbanen | nedlagt:Ladalen
| |||
Regionaltrafikk | ||||
26 | Røros - Trondheim S - Rotvoll | |||
26 | Lerkendal - Trondheim S - Steinkjer |