[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Jacques-Yves Cousteau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacques-Yves Cousteau

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 11. juni 1910
Saint-André-de-Cubzac
Død

25. juni 1997 (87 år)
17. arrondissement

Yrke zoolog, oppdagar, filmskaper, innovatør, fotograf, naturverner, oseanograf, skribent, oppfinnar, manusforfattar, marineoffiser, marinbiolog, ingeniør, biolog, filmregissør, globetrotter, produsent
Språk fransk
Medlem av Académie française, National Academy of Sciences, Kongeriket Marokkos Akademi
Far Daniel Cousteau
Mor Elizabeth Cousteau
Ektefelle Simone Melchior, Francine Triplet
Jacques-Yves Cousteau på Commons

Jacques-Yves Cousteau (fødd 11. juni 1910 i Saint-André-de-Cubzac i departementet Gironde, død 25. juni 1997 i Paris) var ein fransk marineoffiser, filmregissør og oseanografi. Han var ein pioner innan dykking og undervassfotografering. Saman med franskmannen Emil Gagnan fann han opp aqualungen i 1943. Dette var forløparen til vår tids trykkluftapparat som no blir brukt ved apparatdykking.

Han leia fleire ekspedisjonar med forskingsskipet «Calypso». Han vart direktør ved Musée Océanographique i Monaco i 1957. Costeau lagde fleire filmar, mellom andre Den tausen verden (1955) og Verden uten sol (1964). Han var elles særs engasjert i natur- og miljøvern.

I Frankrike er han kjent som le commandant Cousteau, andre stader som Jacques Cousteau eller Captain Cousteau.

«Jacques-Yves Cousteau» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Jacques-Yves Cousteau