Joseph Caillaux
Joseph Caillaux | |||
| |||
Fødd | Joseph-Marie–Auguste Caillaux 30. mars 1863 Le Mans | ||
---|---|---|---|
Død | 22. november 1944 (81 år) | ||
Statsborgar av | Frankrike | ||
Parti | Parti radical | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Lycée Condorcet | ||
Far | Eugène Caillaux | ||
Ektefelle | Henriette Caillaux | ||
Verv | Président du Conseil (statsminister) 27. juni 1911–11. januar 1912 | ||
Føregangar | Ernest Monis | ||
Etterfylgjar | Raymond Poincaré | ||
Alle verv |
|
Joseph-Marie-Auguste Caillaux (30. mars 1863–22. november 1944) var ein framståande sosialradikal politikar i den tredje franske republikken. Han var Président du Conseil (statsminister) i 1911-1912 og finansminister i fleire periodar. Han blei seinare dømd for landsforræderi for å ha ivra for å forhandla fram fred med Tyskland under første verdskrigen. Caillaux er også kjend frå Caillaux-saka, der kona hans, Henriette Caillaux, drap ein avisredaktør i 1914.
Caillaux var fødd i Le Mans og utdanna seg som jurist. Han var finansminister i tre regjeringar før han frå 1911–12 var statsminister, mellom anna under Agadir-krisa. Deretter var han på ny finansminister.
Joseph Caillaux var krigsmotstandar, og blei i 1917 anklaga for å gå Tysklands ærend. Han blei arrestert i 1918 og dømt av det franske senatet til tre års fengsel og 10 års tap av statsborgarrettar. Han fekk amnesti i 1924. Caillaux blei vald til senator i 1924 og var tre gonger finansminister i kortare tidsrom. I åra før andre verdskrigen var Caillaux ein av dei mest aktive motstandarane mot folkefronten og bidrog til å styrta regjeringa til Léon Blum i 1937.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Joseph Marie Auguste Caillaux» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. juli 2014.