[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Jon Georg Dale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Georg Dale

Jon Georg Dale
Foto: Tore Sætre
Fødd16. juni 1984 (40 år)
Dalsfjorden i Volda i Møre og Romsdal
Statsborgar av Noreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
VervNorsk samferdselsminister 31. august 2018– 24. januar 2020
FøregangarKetil Solvik-Olsen
EtterfylgjarKnut Arild Hareide
VervNorsk landbruks- og matminister 16. desember 2015– 31. august 2018
FøregangarSylvi Listhaug
EtterfylgjarBård Hoksrud
VervStatssekretær i Finansdepartementet 16. oktober 2014– 16. desember 2015
VervStatssekretær i Samferdsledepartementet 16. oktober 2013– 16. oktober 2014
Alle verv

Jon Georg Dale (fødd 16. juni 1984) er ein norsk politikar frå Dalsbygda i Volda kommune i Møre og Romsdal, aktiv for Framstegspartiet. Han var landsbruks- og matminister i regjeringa Solberg frå 16. desember 2016. Frå 31. august 2018 til 24. januar 2020 var han norsk samferdselsminister.[1]

Dale har arbeidd i næringsmiddelbransjen 2003–2010 hjå Nortura, Johs. Jacobsen kjøtt AS og hjå Kraft Laks AS. Dale var medlem av Volda kommunestyre 2003–2015 og var medlem av Møre og Romsdal fylkesting 2009–2011. Han var politisk rådgjevar i stortingsgruppa til Framstegpartiet 2010–2013.

Jon Georg Dale var vararepresentant til Stortinget 2009–2017. Frå 2017 er han stortingsrepresentant for Møre og Romsdal. Han var statssekretær for Ketil Solvik-Olsen i Samferdselsdepartementet 2013–2014 og i Finansdepartementet 2014–2015 før han vart statsråd.[1]

  1. 1,0 1,1 «Dale, Jon Georg (1984-)». Stortinget.no. Henta 2. juni 2017. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]