Johan C. Løken
Utsjånad
Johan C. Løken | |||
Fødd | 27. juli 1944 Elverum kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 18. desember 2017 (73 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, bonde, forstmann | ||
Utdanna ved | Norges landbrukshøgskole | ||
Alle verv |
|
Johan Christen Løken (fødd 27. juli 1944 i Elverum, død 18. desember 2017)[1] var ein norsk politikar for Høgre.
Regjering
[endre | endre wikiteksten]- 14. oktober 1981 – 8. juni 1983: Statsråd og sjef for Landbruksdepartementet (landbruksminister) i Kåre Willoch si regjering.
Stortinget
[endre | endre wikiteksten]Johan C. Løken blei vald inn på Stortinget frå Hedmark i 1981, og sat på Stortinget til 1993. Han var vararepresentant i perioden 1977 – 1981.
Stortingskomitéar
[endre | endre wikiteksten]- 1981–1985: Medlem i Finanskomitéen
- 1981–1985: Medlem i Justiskomitéen
- 1985–1989: Varamedlem i Kontrollkomitéen
- 1985–1989: Medlem i Finanskomitéen
- 1985–1989: Varamedlem i Valkomitéen
- 1989–1993: Varamedlem i Kontrollkomitéen
- 1989–1993: Medlem i Finanskomitéen
- 1989–1993: Varamedlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
- 1989–1993: Varamedlem i Valkomitéen
Andre verv
[endre | endre wikiteksten]Frå 1971 til 1979 sat Johan C. Løken i kommunestyret i Elverum. Han har også sete i fylkestinget i Hedmark.
I 2007 blei han igjen vald inn i kommunestyret i Elverum, sjølv om han var på sisteplass på vallista.[2]
Han var styreleiar i Forsvarets forskningsinstitutt og Graminor.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Tidligere Høyre-statsråd Johan C. Løken er død. Dagbladet, 18. desember 2017.
- ↑ Johan C: – Håpet på sisteplassen[daud lenkje] - artikkel i Østlendingen frå 12. september 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Johan C. Løken hos Stortinget.no