Issyk-Kul
Issyk-Kul (også Ysyk Köl og Issyk-kol) er den største innsjøen i Kirgisistan og det nest største fjellvatnet i verda, etter Titicaca. Sjøen ligg 1 602 meter over havet, i Tian Shan-fjella nordvest i landet. Han er 180 km lang, 60 km brei, og den største djupna er på 702 meter.
Issyk-Kul tyder 'varm sjø', og han frys sjeldan om vinteren sjølv om lufttemperaturen då kan synka heilt ned till -40 °C. Dette kjem av at vatnet er noko salthaldig. Vatn frå bekkar og smelta snø renn ut i innsjøen, som i dag ikkje har noko utløp.
Menneske og innsjø
[endre | endre wikiteksten]Ved austsida av Issyk-Kul ligg byen Karakol (tidlegare Przhevalsk), regionshovudstaden i Issyk-Kul oblast. Ein har funne restar av ein gammal, sunken by i Issyk-Kul, men ein har foreløpig ikkje utført omfattande arkeologiske utgravingar.
Under sovjettida var sjøen eit viktig turistmål, og ein hemmeleg utprøvingsstad for torpedoar.
Økologi
[endre | endre wikiteksten]Det blei sett ut sevan-aure i Issyk-Kul på 1970-talet. Fiskeslaget kjem frå Sevansjøen i Armenia, der det er truga. I Issyk-Kul har fiskane derimot klart seg godt, slik at bestanden av opphavlege fiskar der har gått ned.
Soger knytte til innsjøen
[endre | endre wikiteksten]Ei vanleg islamsk soge om ein konge som hadde eseløyre er knytt til innsjøen. Kongen heldt skavanken sin hemmeleg, og for å hindra barberane sine i å røpa han fekk han dei avretta etter utført arbeid. Ein av barberane blei så fylt av denne kunnskapen at han ropte det ned i ein brønn, som han meinte òg ville halda på løyndommen. Men han lukka ikkje brønnen etter seg, og vatnet steig og dekte heile kongeriket. Det ligg der den dag i dag, som innsjøen Issyk-Kul.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Issyk Kul» frå Wikipedia på engelsk, den 9. desember 2005.