Indre Sogn prosti
61°13′32″N 7°5′51″E / 61.22556°N 7.09750°E
Indre Sogn prosti var frå 1819 til 2013 eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.
Prostiet vart skipa i 1819 då Sogn prosti vart delt i to: Indre og Ytre Sogn prosti. Prostiet femnde kommunane Leikanger, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Prosten hadde sete på Stedje. Ein periode på 1800- og 1900-talet var prostiet delt i Indre og Midtre Sogn prosti, slik at dagens Luster og Årdal utgjorde det indre prostiet.
I 2013 vart Vik og Balestrand overførde til prostiet då Ytre Sogn prosti vart lagt ned. Prostiet bytte då namn til Sogn prosti. [1]
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Sokn
[endre | endre wikiteksten]Det var 22 sokn i prostiet (2013).
- Borgund sokn i Sogn
- Dale sokn i Sogn
- Fet og Joranger sokn
- Fjærland sokn
- Flåm sokn
- Fortun sokn
- Gaupne sokn
- Hafslo sokn
- Hauge sokn
- Jostedal sokn
- Kaupanger sokn
- Leikanger sokn
- Nedre Årdal sokn
- Nes sokn i Sogn
- Norum sokn
- Nærøy sokn i Sogn
- Solvorn sokn
- Stedje sokn
- Tønjum sokn
- Undredal sokn
- Vangen sokn
- Øvre Årdal sokn
Prestegjeld
[endre | endre wikiteksten]Prestetenesta lokalt var tidlegare organisert i prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Indre Sogn prosti desse prestegjelda:
- Leikanger prestegjeld
- Leikanger sokn
- Feios sokn (overført til Vik prestegjeld i Ytre Sogn prosti 1999)
- Fresvik sokn (overført til Vik prestegjeld i Ytre Sogn prosti 1999)
- Sogndal prestegjeld
- Stedje sokn
- Kaupanger sokn
- Norum sokn
- Fjærland sokn (overført frå Balestrand prestegjeld i Ytre Sogn prosti 2000)
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ytre Sogn prosti blir lagt ned - Solund fryktar for soknepresten sin» - NRK 15.februar 2013.