Hilmar Baunsgaard
Hilmar Baunsgaard | |||
| |||
Fødd | 26. februar 1920 Slagelse | ||
---|---|---|---|
Død | 30. juni 1989 (69 år) | ||
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Radikale Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Ektefelle | Egone Baunsgaard | ||
Alle verv |
|
Hilmar Tormod Ingolf Baunsgaard (26. februar 1920–2. juli 1989) var ein dansk politikar frå Slagelse. Han var statsminister i Danmark frå februar 1968 til oktober 1971. Baunsgaard representerte Radikale Venstre.
Baunsgaard var medlem av Folketinget frå 1957 til 1977. Frå 1961 til 1964 var han handelsminister i i koalisjonsregjeringar leia av Socialdemokraterne Viggo Kampmann og seinare Jens Otto Krag.
Baunsgaard fekk mykje av heideren for at partiet han leia, Radikale Venstre, dobla røystetalet ved folketingsvalet 1968. Frå 2. februar 1968 vart han ny statsminister i Danmark, som leiar av ein regjerings-koalisjon der også Venstre og Det Konservative Folkeparti deltok. Den 11. oktober 1971 gjekk han av, og sosialdemokraten Jens Otto Krag tok over statsministerposten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hilmar Baunsgaard» frå Wikipedia på dansk, den 25. oktober 2015.