[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Karmøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Karmøy» omdirigerer hit. For øya i kommunen, sjå øya Karmøy. For øya i Antarktis, sjå Karmøy i Antarktis.
Karmøy kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Kopervik
Areal 229,96 km²
 •  land 219,55 km²
 •  vatn 10,41 km²
Folketal 43 306  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Leiv Arne Marhaug (H)
Kommunenr. 1149
Kart
Karmøy kommune
59°15′N 5°15′E / 59.25°N 5.25°E / 59.25; 5.25
Kart som viser Karmøy kommune.
Kart som viser Karmøy kommune.
Kart som viser Karmøy kommune.
Wikimedia Commons: Karmøy
Nettstad: www.karmoy.kommune.no

Karmøy kommune er ein kommune i Rogaland fylke. Kommunen grensar i nord til Haugesund kommune. Aust for Førdesfjorden er Tysvær kommune, i sørvest er øykommunen Bokn, i sør Kvitsøy kommune og vest til havs Utsira kommune.

Karmøy kommune vart til i 1965 ved at kommunane Skudenes, Åkra, Kopervik, Stangaland, Torvastad, Skudeneshavn og delar av Avaldsnes vart slegne saman.

Karmøy har tre tettstadar som vert rekna som byar: Kopervik, Skudeneshavn og Åkra. Andre tettstader som er plasserte innanfor kommunegrensa er Avaldsnes, Ferkingstad og Sandve. Tettstaden Skre er delt med Tysvær kommune, og delar av tettstaden Haugesund ligg i Karmøy kommune.[1]

Karmøy har ein flyplass kalla Haugesund Lufthamn.

Ved Avaldsnes låg Noregs første kongesete. Her hadde Harald Hårfagre sin hovudkongsgard. Avaldsnes er omtalt fleire stader i Snorres kongesagaer. Særleg kjent er historia om Asbjørn Selsbane i Olav han Heilagast saga. Det vart eit dramatisk møte mellom kongen og solahøvdingen Erling Skjalgson.

På Avaldsnes står i dag Avaldsnes kyrkje, som kong Håkon IV av Noreg lét byggje i 1250. Like inntil kyrkjeveggen mot nord og hellande inn mot veggen står Noregs høgaste bautasteinen, kjent som Jomfru Marias Synål. Segna fortel at den dagen toppen av steinen rører kyrkjeveggen, inntreffar dommedag. Kanskje er det eit snev av sanning i påstanden om at munkane i seinmiddelalderen hogg toppen av bautasteinen?

Kjende personar frå Karmøy

[endre | endre wikiteksten]

Refeeransar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Karmøy kommune