[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Fyrste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heraldisk fyrstekone.

Fyrste eller fyrstinne (frå tysk: Fürst, 'den fyrste') er ei nemning eller tittel som kan visa til ulike typar adelsfolk. Ordet kan visa til eit medlem av eit kongehus eller høgadelen, men kan også brukast om kvar ein uavhengig monark.

Fyrste som herskar

[endre | endre wikiteksten]

«Fyrste» kan brukast om ein uavhengig monark av eit område uansett kva for ein tittel dei brukar. Det kan visa til folk med titlar som konge, keisar, hertug og maharajah, men også fyrste. I Europa i dag finst tre fyrstedøme der statsoverhovudet brukar tittelen «fyrste»: Andorra, Liechtenstein og Monaco.

Prins har same avleiing som fyrste (latin princeps, 'den fyrste'), og blir i nokre språk brukt på same vis.[1]

Fyrste om adel elles

[endre | endre wikiteksten]

Fyrste har også blitt brukt som adelstittel i fleire land, mellom anna Tyskland og Russland. Tittelen har då gjerne vore den høgaste adelsklassa blant den ikkje-regjerande delen av adelen. Otto von Bismarck var ein slik fyrste. Variantar av fyrstetittelen er storfyrste og kurfyrste.

Fyrstehus eller fyrsteætt kan visa til slekta til ein uavhengig herskar.

Fotnotar
  1. Til dømes blir dei tidlegare indiske fyrstestatane kalla princely states på engelsk.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]