Fasces
Fasces er namnet på eit symbol som opphavleg var ein bunt med pinnar eller kjeppar som vart borne under opptog og seremoniar i det gamle Romarriket som teikn på makt. Pinnane var gjerne av bjørk eller alm, bunde saman med eit raudt band og utstyrt med ei øks. Kjeppane symboliserte retten til å straffe med slag, medan øksa symboliserte halshogging og dødsstraff. Trass i symbolikken med øksa, kunne ein romersk embedsmann ikkje utan vidare henrette ein romersk borger. Som følje av dette hadde ein fasces som befann seg innanfor bygrensa ikkje ei øks i knippet. Ein diktator måtte likevel ha ei øks i fascesen sin.
Fasces brukes framleis fleire stader som symbol for statleg autoritet og rett til å straffe, ordensmakt og politivesen, men òg for rettferd.
Ordet fasces er ei fleirtalsform av det latinske fascis som tyder ei «bunt» eller eit «knippe».
Seinere bruk
[endre | endre wikiteksten]Etter at Romarriket braut saman har fasces i mange høve vore nytta av styresmaktene som eit symbol på makt eller som symbol for organisasjoner som såg seg som etterfølgjarar av Romarriket.
I Italia vart fasces symbol for Mussolini sin fascisme, og namnet på rørsla kjem frå fasces. Symbolet finst i mange samanhengar (til dømes på byggverk) frå denne tida
Fasces har ikkje det same dårlege ryet som hakekorset og inngår framleis i dag i forskjellige styresmakters insignier. Dette førekjem ofte i til dømes USA. Jamvel i det heraldiske våpenskjoldet til politiet i Noreg er fasces med som symbol på utøving av makt.