[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Elvdalsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elvdalsk
Andre namn dalska, dalmål
Klassifisering Indo-europeisk
 Germansk
  Nordisk
   Austnordisk
Bruk
Tala i  Sverige
Område Dalarna
Elvdalsktalande i alt 1 500 (år 1996)[1]
Skriftsystem Latinsk alfabet
Språkkodar
ISO 639-3 dlc

Elvdalsk (elvdalsk övdalsk; svensk älvdalsmål, älvdalska) vert tala i Älvdalen i Dalarna-området i Sverige. Det finst om lag 3 000 menneske som talar elvdalsk, og det finst òg bøker og tidsskrift på målet. Elvdalsk var lenge sett på som ein dialekt, men rundt byrjinga av 2000-talet har det vore debatt[2][3] og kontrovers om elvdalsk er ein dialekt av svensk eller eit eige språk, og det har fått ein eigen ortografi.[4][5] Eit «riksdagsledamot» i riksdagen klarte på ein særs elegant måte å syna at elvdalsk ikkje er ein svensk dialekt, då han innleidde eit ordskifte på elvdalsk.[6]

Elvdalsk stammar frå det fellesnordiske språket oldnordisk, som gav utspring til dei samtidige språka norsk, islandsk, færøysk, svensk, dansk og dialektar og variantar av desse. Mange språkforskarar ser på målet som meir «opphavleg» svensk enn rikssvensk, som av sosioøkonomiske grunnar er basert på dialektane som fanst i Mälardalen på tida då språket vart skriftlagt.

Språklege særdrag

[endre | endre wikiteksten]

Elvdalsk skil seg frå svensk, norsk og dansk med det at det i likskap med islandsk og færøysk har teke vare på fleire norrøne trekk enn dei andre. Døme på dette er nasale vokalar (til dømes buotję, 'boka'), bøying i fleire kasus (til dømes wardjin ietter Grobien nominativ 'Vargen heiter Gråbein', ig såg wardjin akkusativ 'eg såg vargen', ig djäv wardjem tjyöt dativ 'eg gjev vargen kjøt', wardjemes bien ir åv genitiv 'vargen sitt bein er av'), morfeminndeling med fire typar stavingar (dvs. eistavingsord, kortstavingsord, langstavingsord og overlangstavingsord; svensk har berre dei to stavingstypane einstavingsord og langstavingsord (norsk: morfem I og II)), mellom anna ð-konsonantsystem (tilsvarar tonande th i engelsk father, til dømes guoð 'god'), med meir. Elvdalsk har òg nye, sekundære tviljodar — noko som pla vera vanleg i svenske dialektar, og som framleis finst i mellom anna gotlandsk — som er:

  • ai (frå eldre lang i, som til dømes i baita 'bita')
  • uo (frå eldre lang o, som til dømes i suol 'sol')
  • au (frå eldre lang u, som til dømes i aus 'hus')
  • åy (frå eldre lang y, som til dømes i åysa 'hysa')
  • (frå eldre lang ö, som til dømes i myöta 'møta')
  • ie (frå eldre lang e, som kjem frå den oldnordiske tviljoden æi, som til dømes i stien, 'stein').

Dessutan har den elvdalske treljoden iuo (frå eldre utona i + tona lang o, til dømes i biuoða av norrønt 'bjóða' (nynorsk 'byda')).

Elvdalske runer

[endre | endre wikiteksten]

Elvdalsk har til ein viss grad vore eit skriftspråk i over 1000 år, for det finst elvdalske runer som var i bruk heilt fram til byrjinga av 1900-talet.[7] Dei elvdalske runene skil seg noko frå runene som vart nytta på norrøn tid – som gjekk ut av bruk på 1400-talet – noko som tyder på at dei vart tilpassa endringane i språket.

Forskning på elvdalsk

[endre | endre wikiteksten]

I 1956 forsvara Stig Björklund ein doktorgrad om elvdalsk.[8]

Kjende elvdalsk-talarar

[endre | endre wikiteksten]
  • Lena Willemark, folkemusikar og songar
  • Ulrika Andersson, meteorolog på svensk TV4
  1. ethnologue.com
  2. Älvdalskan är ett språk – inte en svensk dialekt, Aftonbladet, 8. mars 2011.
  3. Älvdalskan som nationellt minoritetsspråk av Robert Stenkvist (SD), Youtube, 25. mars 2021
  4. L. Steensland, Liten älvdalsk-svensk och svensk-älvdalsk ordbok, Ulum Dalska, 1986.
  5. L. Steensland, Älvdaks ordbok.
  6. En av de retoriskt skickligaste debattinläggen på länge i Sveriges riksdag, Youtube, 24, april 2021.
  7. L. Blix, Brukte runer helt inn på 1900-tallet, Forskning.no, 8. mai 2015.
  8. S. Björklund, Älvdalsmålet i Andreas Johannis Prytz’ Comoedia om konung Gustaf then Första 1622, Doktorgradsavhendling, Uppsala, 1956.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]