Dalmatisk
Dalmatisk | ||
Bruk | ||
Var tala i: | Kroatia, Montenegro | |
Utdøydd: | 1898 | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | dlm |
Dalmatisk er eit utrydda romansk språk som før i tida vart talt i regionen Dalmatia i den noverande staten Kroatia, og òg så langt sør som Kotor i dagens Montenegro.
Brukarane av dalmatisk budde i kystbyane Zadar, Trogir, Split, Dubrovnik og Kotor (Iadera, Tragurium, Spalatum, Raugia og Cattaro), og i kvar av desse byane fann ein ein eigen dialekt. Språket vart òg brukt på øyane Krk, Cres og Rab (Vikla, Crepsa og Arbe).
Dialektar
[endre | endre wikiteksten]Nesten kvar einaste by utvikla sin eigen dialekt, likevel forsvann nesten alle før dei vart nedteikna, så dei einaste spora av dialektane finn ein i kroatiske lånord som blir brukt i lokale dialektar.
Ragusan
[endre | endre wikiteksten]Ragusan er den nordlege dialekten. Namnet vart utvikla frå det italienske namnet på Dubrovnik, «Ragusa».
Vegliot
[endre | endre wikiteksten]Vegliot (det opphavlege namnet er Viklasun) er den nordlege dialekten. Namnet Vegliot kjem frå det italienske namnet for øya Krk, «Veglia».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dalmatisk» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2012.