[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Guns for Hire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guns for Hire
Singel av AC/DC
frå albumet Flick of the Switch
B-side

Landslide

Utgjeve September 1983[1]
Innspelt April 1983
Studio Compass Point (Nassau)
Sjanger Hardrock
Lengd 3:24
Selskap
Låtskrivar(ar)
Produsent AC/DC
AC/DC-kronologi 
«For Those About to Rock (We Salute You)»
(1982)
Guns for Hire «Flick of the Switch»
(1983)


«Guns for Hire» er ein song av det australske hardrockbandet AC/DC frå albumet deira Flick of the Switch, gjeve ut 19. august 1983. Songen er skriven av bandmedlemmane Angus Young, Malcolm Young og Brian Johnson, og han kom ut på singel i september med «Landslide» som B-side. Han nådde 37. plassen på UK Singles Chart,[2] og 84. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.[3] Songen nådde òg 19. plassen i Irland.[4]

Cash Box sa at «Låten er like heftig som alltid, og inneheld ein modna gitarsolo med høg rock 'n' roll-energi.»[5]

Låten fungerte som opningslåt under opptredenane til bandet på turneen for Flick of the Switch, men har aldri vorte framført på nokre andre AC/DC-turnear sidan. Det vart produsert ein salsfremjande video til låten, der trommeslagaren Simon Wright var med i staden for Phil Rudd. Rudd hadde forlate bandet under innspelinga av Flick of the Switch og vart erstatta av Wright før turnéstarten.

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1983) Plassering
US Billboard Hot 100[6] 84
UK Singles (Official Charts Company)[7] 37
  1. «AC/DC». 
  2. «AC/DC singles». Official Charts Company. Henta 7. oktober 2013. 
  3. «Billboard Hot 100 Chart History». Song Database. Henta 7. oktober 2013. 
  4. «AC/DC». The Irish Charts. Henta 7. oktober 2013. 
  5. «Reviews» (PDF). Cash Box: 8. 24. september 1983. Henta 27. juni 2023. 
  6. "AC/DC Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for AC/DC. Prometheus Global Media. Henta 27. juni 2023.
  7. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 27. juni 2023.