Guava
Utsjånad
Guava | |
Guava | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Myrteordenen Myrtales |
Familie: | Myrtefamilien Myrtaceae |
Underfamilie: | Myrtoideae |
Stamme: | Myrteae |
Slekt: | Psidium |
Art: | Guava P. guajava |
Vitskapleg namn | |
Psidium guajava |
Guava eller guajavatre (Psidium guajava) er ei frukt og eit frukttre i myrtefamilien. Guava stammar frå tropisk Amerika. Fruktene liknar pærer på form og storleik, men har blankt skal som kan vera gult, gulgrønt eller raudt. Fruktkjøtet er gulkvitt eller rosa med mange små, harde frø. Frukta kan etast som ho er, men blir også mykje brukt til syltetøy eller til framstilling av guava-rom.
Guava inneheld ca. 184 mg vitamin C, 285 mg kalium, 86 % vann og 205 kJ tilført energi per 100 g etande vare.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- jordbærguava
- feijoa, også kalla vill guava eller ananasguava
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«guava» i Store norske leksikon, snl.no.